Informasjon om Dagsturhytta på Kletten

Kletten - Klikk for stort bilete Dagsturhytta er komt på plass på Kletten. Der er framleis litt som gjenstår før hytta er klar til bruk. 

Kommunen har ikkje overtatt hytta endå, men så snart som overtakelseforretning er på plass vil det kome meir informasjon.

Det er mulig å nytte ventetida til å lage sitteunderlag til Dagsturhytta. Oppskrift under "les meir" 

Her er strikkeoppskrifta som biblioteket har lagt ut:

Legg opp 100 masker med pinne nr 4, og strikk riller til arbeidet måler ca 45 cm, finn då midten av arbeidet og fell av for handtak 14 (?) masker før og etter midten. Strikk 8 riller på kvar side av felling, legg så opp igjen dei 28 maskene du felte, og strikk alt samla i 8-10 riller.

Og slik tover ein:
For å tove, vask med litt såpe ilag med eit handkle, eller fleire ting som skal toves, på 40 grader. Forskjellige vaskemaskiner kan gi litt forskjellige resultat. Om det toves for lite i første omgang, vask ein gang til.
Legg flatt til tørk. 

Sitteunderlag - Klikk for stort bilete

a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering