Informasjon om momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet

sedler - Klikk for stort biletesedler  Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele ca. ein milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2013. Nytt av året er at minstegrensene og krava til bruk av revisor er redusert.

 

 

Mange som ikkje søkjer
Erfaring frå tidligare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt.

Vi ønskjer å nå fleire
Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale forein
ngar. Vi prøver difor å nå ut til alle desse gjennom kommunane og fylkeskommunane, og ber om hjelp til å formidle informasjonen i denne e-posten til lag og organisasjonar i din kommune/distrikt.

De kan lese meir om regelverket for momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettsidene våre www.momskompensasjon.no. Her finn du også søknadsskjema. Dersom de lurer på noko, ta kontakt med oss pr. e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

Minstegrenser
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla modellen er minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert modell er
14 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for.
Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Søknadsfristar
Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2013.

Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Idrettsanlegg
Lotteri- og stiftelsestilsynet har også oppgåva med å fordele momskompensasjon til anlegg som får spelemiddelstilskot. I 2013 skal det delast ut 63,8 millionar kroner i denne ordninga. Søknadsfristen for tildeling i år var 1. mai 2013, og neste frist for å søke om momskompensasjon for anlegg som får spelemiddelstilskot er 1. mai 2014.
Les meir om denne ordninga
www.momskompensasjon.no eller www.idrettsanlegg.no.


Med helsing
Lotteri- og stiftelsestilsynet
tlf: 57 82 80 00,
postmottak@lottstift.no, www.lottstift.no

 

Publisert av Odd Gunnar Myhre. Sist endra 03.06.2013
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering