Ingen fleksibilitet på tidsfrist i kommunereforma

Kommunereforma - Klikk for stort bilete

 Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har i brev til kommunar i Indre Sunnfjord og delar av Hafs avslått utsetjing av fristen på å gjere val i forbindelse med kommunereforma.

– Prosessen i kommunereforma er lagt opp med sikte på at regjeringa skal legge fram ein proposisjon for Stortinget våren 2017. For at mitt departement skal kunne legge til rette for god sakshandsaming der alle relevante aktørar blir involverte, ser eg ikkje at fristane kan skyvast på for verken for kommunane eller fylkesmennene, skriv Sanner.

 

 

 

 
 
 
Publisert av Eli Stølan. Sist endra 15.02.2016

 

Han presisera at kommunane skal innan 1. juli gjere vedtak om, og i tilfelle kven kommunar ynskjer å slå seg saman med.

Kommunar som vel å ikkje slå seg saman med andre vil måtte leve med større usikkerheit om framtidige inntekter. Ikkje berre på grunn av nytt inntektssystem frå 01.01.2017 men at det i tiåra framover vil kunne verte mange endringar i både total økonomisk ramme for sektoren og i fordeling av denne mellom kommunane.

Her kan du lese svaret frå Sanner.