Innlevering av listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

Val - Klikk for stort bilete

Alle partier og grupper som ønskjer å stille til val, må levere listeforslag til kommuna eller fylkeskommuna dei ønskjer å stille til val i.

Frist for innlevering av listeforslag er sett til måndag 01. april kl. 12.00. Listeforslaget er å rekne som innlevert når det har kome inn til kommunen seinast kl. 12.00.

Listeforslaga skal leverast til Nye Kinn kommune v/ Vågsøy kommune, Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy, eller per e-post til post@vagsoy.kommune.no

Fylkestingsval
Den same fristen gjeld også for fylkestingsval. Listeforslag skal då sendast til fylkeskommunen.

Krav til listeforslaget
Listeforslaget skal oppfylle visse vilkår. Meir om dette kan du lese i valglova § 6-1 på lovdata.no 

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 23.07.2019