Interkommunalt samarbeid - Foreldrerettleiing - "Ein god barndom varer heile livet"

Bilde familie - Klikk for stort bilete Å ta vare på barna våre er ei felles oppgåve.
Eit barn er totalt avhengig av foreldra sine for å vekse opp. Foreldra har rett og plikt til å gje barnet omsorg og ein god oppvekst.. Barna er samfunnet si framtid. Samfunnet må difor støtte foreldra og arbeide for gode vilkår for foreldrerolla i eit stadig meir hektisk samfunn. Eit klokt samfunn investerer i barna sine. Ein god barndom varer heile livet.

Kommunane Selje, Vågsøy og Eid er no i gong med prosjektet ” Foreldrerettleiing – Ein god barndom varer heile livet”. Les meir om prosjektet her. (PDF, 37 kB)

Publisert av Therese Sæbøe Strand. Sist endra 04.11.2014