Invitasjon til Møteplass – Helsefremmande dialog mellom pårørande og fagfolk

Torsdag 21.november 2019 kl. 17.30-20.30, på Nordfjordeid.

Møteplass er eit nytt tilbod i Sogn og Fjordane, og eit samarbeid mellom Helse Førde, lærings- og mestringssenter, kommune og LPP. Sidan hausten 2018 har det vore arrangert 3 Møteplassar i halvåret i Nordfjord.

Tidspunkt: kl.18:00-20:30.

Pårørande er velkommen fra kl. 17:30 for enkel servering og småprat.

Stad: Eid Rådhus – Kantina i 2. etasje

Fagpersonar og Møteplassteam deltek på formøte kl. 17.00-17.30 og ettermøte kl. 20.30- 21.00.

Påmelding:

 

MØTEPLASS (MP) er ein arena for eit likeverdig møte og gjensidig læring mellom pårørande og fagfolk, der pårørendes situasjon er i fokus. Her møtes pårørande og fagfolk til ein likeverdig dialog om korleis det er å leve tett på familiemedlemmer med psykiske utfordringar, og korleis hjelpeapparatet fungerer innan det psykiske helsefeltet.Det er ulike tema for kvar Møteplass, tema blir fastsett av det lokale Møteplass-teamet.

I Nordfjord består dette teamet av 2 fagpersonar frå Eid kommune, 2 frå Stryn kommune, 2 frå Nordfjord Psykiatrisenter og koordinator frå Lærings- og mestringssenteret.

I tillegg har vi med oss 1-2 pårørandeguidar, som både deltek i planlegging og gjennomføring av tilbodet.

Taushetsplikt

Deltakarar på Møteplass har gjensidig moralsk taushetsplikt mht. alt av personleg karakter som blir delt. Møteplass er eit fortruleg rom der alt ein deler "forblir i rommet".

Informasjon finn de også på LPP sine heimesider

Brosjyre som kan delast ut til kollegaer, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartnarar. (PDF, 2 MB)

Velkommen!

Publisert av Bente Jørgensen. Sist endra 06.11.2019 11:16
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering