Karrieremesse i Bergen 15. februar

Velkomen til Nordfjordkommunane sin stand på karrieremessa i Bergen 15. februar! Messa er i Grieghallen  15. februar kl 17.00 - 21.00

Samla har regionen mykje spennande å by på! Vi er ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion på om lag 30.000 menneske. Her finn du ein sterk kultur for innovasjon og gründerånd, og eit svært offensivt og variert næringsliv. Innan kommunal sektor vil vi dei neste 7 åra ha behov for 425 nye stillingar! I tillegg kjem ledige stillingar i statleg og privat sektor i Nordfjord.

I Vågsøy er vi for tida på jakt etter økonomisjef, reinhaldsoperatør, ingeniør Eigedomsavdelinga, driftsoperatør Eigedomsavdelinga, sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, ferievikarar og endå meir. Sjå ledige stillingar.

Om du elles har lyst å lese meir om Nordfjordkommunane, så finn du det ved å klikke på bildet under: 

Nordfjordrådet karrieremesse (PDF, 4 MB)

 

Meir om karrieremessene finn du Framtidsfylket.no

Vi håpar å sjå deg på standen vår i Bergen!

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 13.02.2017