KICK-OFF samling til Sjumilssteget

Sjumilsteget - Klikk for stort bilete

Fredag 10. juni markerte kommunane i Sjumilssteget oppstart for foreldrerettleiingsprosjektet «Snakke saman – vere saman».

Inviterte frå alle kommunane stilte opp og bidrog til god stemning. Representant frå vertskommune Vågsøy, Heidi Vederhus, orienterte om bakgrunn og oppstart av prosjektet. Prosjektleiar Helga Skartveit presenterte prosjektet for dei frammøtte. Barn frå Skramsmarka markerte opninga med flott song. Etterpå vart det feiring med marsipankake.

Prosjektgruppa vil takke alle involverte for god innsats i den toårige prosjektperioden, og samstundes markere implementering og oppstart av prosjektet frå hausten 2016. Målet er å skape eit meir lyttande og inkluderande miljø for barn og foreldre i kommunane. Lykke til med innsats til hausten!


Sjumilssteget - Prosjektgruppa - Klikk for stort bilete Prosjektgruppemedlemmer (frå høgre):
Helga Skartveit, Heidi Vederhus, Anne-Grete Eikås, Grethe Sandven, Torill Furnes Myhre og Ingrid Stave.
(Elin Kråkenes og Toril Sande var ikkje tilstades då bilete vart tatt).

 

Sjumilssteget - Skramsmarka bhg - Klikk for stort bilete Barn som syng:
Skramsmarka barnehage.


 

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 21.06.2016