Kommunedelplan for oppvekst i Vågsøy kommune 2012-2024

Bilde Kommunedelplan

Utval for plansaker har i sak 078/12 den 17. oktober 2012 vedteke å leggje Kommunedelplan for oppvekst i Vågsøy kommune 2012-2024 ut til offentleg ettersyn med nokre presiseringar i vedtaket:

1. Planframlegget er berre ei høyring
2. Fleire strukturalternativ kan kome til seinare
3. Planen er ikkje økonomisk eller politisk realitetshandsama

Visjonen for oppvekstsektoren i Vågsøy er Glade menneske som meistrar. Visjonen gir oss alle eit felles ansvar for at vi meistrar og er glade, anten vi er barn, ungdom, føresett, medborgar, lag- og organisasjon eller tilsett. Saman skal vi hjelpe barna våre til å verte vaksne som kan ta vare på seg sjølv og andre, er motiverte for vidare livslang utvikling og læring, fungerer optimalt i arbeidslivet, tek del i fellesskapet på fritida og tek samfunnsansvar.

Kommunedelplanen har eit vedlegg som både beskriv eksisterande oppvekstsektor, framtidig struktur og som viser bakgrunnen for å peike på utfordringar knytt til innsatsområda.

Kommunedelplanen er tilgjengeleg elektronisk på Vågsøy kommune sine heimesider og i papirversjon på Servicetorget på Rådhuset i Måløy, Gate 1 nr. 64.

Måndag den 12. november kl.18.00 er det planlagt ope møte i kommunestyresalen på Rådhuset i Måløy.

Frist for å komme med innspel til kommunedelplanen er sett til 3. desember 2012
.

Innspel kan sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller på e-post til post@vagsoy.kommune.no

Merk innspel med "Innspel til Kommunedelplan for oppvekst".

Vedlegg:
1. Sakspapir PU-møte den 17. oktober 2012 finn du her (PDF, 67 kB).
2. Kommunedelplan oppvekst for Vågsøy kommune 2012 - 2024 finn du her (PDF, 828 kB).
3. Kommunedelplan oppvekst for Vågsøy kommune 2012 - 2024, del 2 Vedlegg finn du her (PDF, 13 MB).

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 02.11.2012
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering