Kommunereform – kvifor?

Kommunereform - Vanylven-Selje-vågsøy - Klikk for stort bilete

1965 var sist Noreg hadde ein stor kommunereformprosess. Selje mista Silda, Sørpollen og Osmundsvåg til Vågsøy. Vågsøy vart slått saman frå tidlegare Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy herad og fekk Totland frå tidlegare Davik kommune. Vanylven fekk tilført gamle Syvde herad og Rovde vart delt mellom Sande og Vanylven. Kjelde: wikipedia

 

Lenge sidan 1965!

1965: kappløpet i verdsrommet når dette året fleire høgdepunkt. Både Sovjetunionen og USA har kosmonautar svevande ute i rommet i fleire minuttar og amerikanarane får to romskip til å møtast.  Dei borgarlege vinn stortingsvalet og Per Borten (SP) blir ny statsminister. 1965, det er mange år sidan det.

Nokon hevdar at «alt var betre før», men fortsettinga seier at «du seier ikkje så om du er klok». Kommunane har sidan 1965 opplevd ei stor omvelting. Mange nye oppgåver har vorte tilført kommunane. Vi kan kort nemne 10-årig skule, SFO og barnehage. Store helse-, pleie- og omsorgsoppgåver har vorte overført frå staten. Samtidig har kravet til innhaldet i tenestene vorte strengare. Auka omfang i tenestene og større krav til innhald til tross, desse oppgåvene har kommunane handtert på ein god måte. Kvaliteten er god, men med forbetringspotensial. Ein har i dei siste åra sett at større krav til innhald og utføring gjer små arbeidsfellesskap meir og meir sårbare. Vi opplever til dagleg utfordringar der sjukmeldingar og avgang gjer at kommunane må inn med «kriseløysingar» for at viktige oppgåver skal løysast. Resultat er at oppgåvene ikkje vert løyst så bra som ein kunne ynskje.  For ei oppgåve vert best løyst der ein har stabile og nok fagfolk tilgjengeleg.

Interkommunal revolusjon!

Ei stor, stille endring som har endra utføring av kommunale tenester dei siste åra er dei mange samarbeidsprosjekta kommunane har med kvarandre. Eksemplar på samarbeid er NOMIL, Nordfjord Havn, Nordfjord Vekst, krisesenter, legevakt, KAD-senger osb. Årsak til desse samarbeida er at kommunane er for små til å handtere dette aleine. Kravet til utføring av oppgåver er for store til at kommunen klarer det aleine. Samarbeid er organisert gjennom interkommunale selskap (IKS)  eller vertskommunemodell. (At ein kommune driftar tenestene og får utgiftene refundert frå dei andre kommunane i samarbeidet.)

Interkommunalt samarbeid har mange gode sider, men ein ulempe ved slike ordningar er at dei svekker demokratiet. Ein får mindre styring på viktige samfunnsområder til fordel for ei god gjennomføring av kommunale tenester.

«I et interkommunalt samarbeid vil det alltid være et spenningsforhold mellom ønsket om effektivitet/resultat på den ene siden og behovet for styring og kontroll på den andre. Det er naturligvis vanskeligere å etablere samarbeid på områder der sterke lokalpolitiske interesser gjør seg gjeldende.»

Artikkel frå Telemarkforskning: «Hva kjennetegner vellykkede interkommunale samarbeid om tjenesteproduksjon?» www.telemarkforskning.no

Kvifor kommunesamanslåing?

Formålet med ei kommunesamanslåing er å få robuste einingar som kan handtere dei fleste oppgåvene sjølve. Mange har kritisert uttrykket «robuste einingar», kva er det? Kor stor må ein vere for å vere «robust nok». Dette er ein diskusjon som er nødvendig, men kanskje ikkje gjev dei riktige svara.  Vågsøy kommune er kanskje ein robust nok kommune, men samtidig er det over 30 samarbeidspunkt som kommunen har med andre kommunar for å kunne løyse oppgåvene sine på ein kvalitativ og profesjonell nok måte. Samarbeidspunkta er så mange at politikarane ikkje har god nok oversikt over kva det er og kva det kostar. Dette gjeld ikkje berre Vågsøy, men like mykje Selje og Vanylven saman med resten av kommune-Norge.

Stortinget har sagt at:

«Stortinget har gitt tilslutning til å gjennomføre en kommunereform. Målet er større, mer robuste kommuner med økt makt og myndighet. Dette er nødvendig for å møte morgendagens utfordringer og stadig økte forventninger fra innbyggerne.»

frå regjeringen.no

Ein ny kommune vil søke å løyse oppgåvene sine sjølve. Tenestene er direkte underlagt politisk styring og administrasjonssjefen si leiing. Dette gjev politikarane makt og mynde til styring på ein betre måte enn dagens fragmenterte ordning.

Ulempene med ei kommunesamanslåing er at det vert større avstand mellom kommuneleiing (politisk og administrativt) og innbyggjarane, men ein skal vere trygg på at basistenestene (barnehage, skule, sjukeheim etc) fortsatt vert utført der du bur.

Det vert spanande å sjå om Stad/Statt/Stadt kommune vil sjå dagens lys 1. januar 2020. No er det opp til politikarane i våre tre kommunar til å vedta dette, før Stortinget seier sitt i 2017.

(dette er første del av ein kronikkserie om  kommunesamaslåing, frå reformgruppa som arbeider med kommunane Vanylven, Vågsøy og Selje, der formålet er å gje basiskunnskap om kvifor ein søkjer å finne ei ny kommuneform frå 1. januar 2020.) 

Stein Robert Osdal        Lena Landsverk Sande         Kristin Maurstad

Ordførar Selje                Ordførar Vanylven                Ordførar Vågsøy

 

Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 26.01.2016