Kommunereform - Rådgjevande folkerøysting - Brevrøysting

Kommunereforma - Klikk for stort bilete

Brevrøysting er eit tilbod til veljarar som ikkje når tak i ein offentleg oppnemnt røystemottakar som har nødvendig materiell og som sender røystesetelen dit han skal. Til vanleg er tilbodet meint for folk som bur i utlandet, og som ikkje har tilgang til røystesetlane. For å gjere røystesetlane tilgjengelege, vil rådmannen legge desse ut på kommunen si heimeside til utskriving. Alternativet er at veljaren sjølv brukar eit ark og skriv på kva val det gjeld og kva veljaren røystar for. I dette tilfelle må det gå fram av den sjølvlaga røystesetelen at det gjeld folkeavrøystinga om kommunesamanslåing av Vågsøy, Selje-Vanylven og i tillegg JA, NEI eller blankt. 

Brevrøysta må vere framkomen til valstyret seinast på valdagen kl. 18.00.

Reglane er slik:

1. Røystesetelen blir lagt i ein røystesetelkonvolutt, som blir limt att

2. Røystesetelkonvolutten (med røystesetelen i) blir lagt i ein ny konvolutt, omslagskonvolutt, og på denne blir det skrive

a. At du røysta ved brevpost
b. Namn og adresse til valstyret i Vågsøy
c. Dato og stad for røystegjevinga
d. Fullt namn, adresse og fødselsnummer (11 siffer)
e. Signatur

3. Omslagskonvolutt blir lagt i endå ein konvolutt, ekspedisjonskonvolutten, som blir adressert og sendt til Valstyret i Vågsøy, Postboks 294, 6701 Måløy.


Røystesetlar (PDF, 2 MB)

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 30.03.2016
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering