Kreftkoordinator for Nordfjordkommunane Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn

Kreftkoordinator

Økonomisk støtte frå kreftforeininga har gitt Nordfjordkommunane moglegheit til å opprette ei 50% stilling som kreftkoordinator. Stillinga blei oppretta frå 01.10.2012.

Ordninga med kreftkoordinator er eit samarbeid mellom kommunane og Kreftforeininga, og er eit tre- til fireårig prosjekt.

Kreftsjukepleiar Janne Håskjold er tilsett i stillinga.

Kreftkoordinator er i gang med kartlegging av pasientsystem - og kva behov kommunane har for rettleiing og kompetansebygging.
Ho er også i gang med å presentere sine tenester i spesialisthelsetenesta, og for fastlegane i dei fem Nordfjordkommunane.

Janne Håskjold har kontor på rådhuset i Eid kommune, og har arbeidsdagar tysdag, onsdag og annakvar torsdag (partalsveker), med arbeidstida kl. 08:15 - 15:00. Kreftkoordinator kan også kontaktast på telefon 907 40 263 eller per e-post janne.marie.haskjold@eid.kommune.no

Ta gjerne kontakt ved spørsmål!

Organisering av prosjektet

Prosjektansvarleg: Eid kommune, ved rådmannen.
Styringsgruppe: Rådmannsgruppa i Nordfjordkommunane.
Politisk styringsgruppe: Nordfjordrådet (ordførarar).
Prosjektleiar: Eid kommune, kommunalsjef for pleie- og omsorg.

Mandat/viktige arbeidsoppgåver til kreftkoordinator

● Kartleggje tilbodet til kreftpasientar og deira pårørande i dei fem samarbeidskommunane. Ressurssjukepleiarane, deira leiarar, leiinga ved ei intermediæravdeling i lokalsjukehuset og kreftkoordinator i spesialisthelsetenesta vert viktige samarbeidspartar i dette arbeidet

● Analysere data og byggje opp tenestetilbod i tråd med intensjonane med ordninga, i tett samarbeid med prosjektgruppa

● Delta i nettverket/regionale samlingar for ressurssjukepleiarar i Nordfjord

● Opprette samarbeid med leiarar for helse- og omsorgstenestene i kommunane, aktuelle faglege instansar, t.d. fastlegane, og frivillige lag og organisasjonar

● Vere rådgjevar og støtte til fagpersonar/ressurssjukepleiarar i kommunane, og gi direkte rådgjeving til pasientar og pårørande ved spesielle behov

● Arbeide utadretta, vere aktiv i media og drive generelt med informasjonsarbeid

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 02.11.2012