Kino

Kinoen held til i Turnhallen lengst nord i Gate 1 i Måløy. Turnhallen vart pussa opp i 2008, og fekk då mellom anna nytt lydanlegg, teleslynge og nye stolar.Det vart og sett inn heis. Salen har i dag 89 seter, inkludert 2 plassar for rullestolbrukarar.

Turnhallen - Klikk for stort bilete

Kinoen vart digitalisert i mars 2011. Ein har og lagt tilrette for visning av 3D- filmar. Då må ein kjøpe 3D briller. Dei kan ein kjøpe på kinoen og på servicetorget, og kostar 125 kr stk.

Billetter kan kjøpast via e-Billett app
http://www.filmweb.no/lokalkino/maloy/ kan du sjå kva filmar som kjem på Måløy kino og lese meir om dei.

I tillegg til e-Billett kan ein og kjøpe billettar på servicetorget i 1. etasje på rådhuset.                  Servicetorget er ope mandag til fredag klokka 08.00 - 15.00. Betaling kun med kort!

Kjøpte billettar kan hentas ut på servicetorget eller på kinoen.

Billettar kan og kjøpast på kinoen 30 minutt før filmen tek til.
Billettprisar: vaksne kr 90,- born kr 65,-

Det er kiosk i 1. etg på kinoen, den blir drevet av Kulturhuset Turnhallen.

Aldersgrense:

 A  - For alle.
 7 år  - Ned til 4 år i følgje med foresatte.
 11 år  - Ned til 8 år i følgje med foresatte.
 15 år  - Ned til 12 år i følgje med foresatte.
 18 år  - Absolutt nedre grense.
Kontaktinformasjon kino:
Kontaktinformasjon kino:
NamnTelefonE- post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Odd Gunnar Myhre57845091/90195701odd.gunnar.myhre@vagsoy.kommune.no
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 64 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering