Vågsøy folkebibliotek

Hjarteleg velkommen til Vågsøy folkebibliotek!

 

Biblioteket har flytta inn i fine nye lokaler midt i Måløy sentrum.

Hos oss kan du låne bøker, lydbøker, film, musikk, spel og tidsskrift. Vi har trådlaust internett og tilgang til PressReader.

Det vi ikkje har sjølv prøver vi å fjernlåne frå andre norske bibliotek.

Utenom opningstida kan du levere bøker i innleveringsboksen utanfor inngangen frå Gt.1.

 

 

Barneavdeling - Klikk for stort bilete

Opningstider
Måndag stengt

Tysdag  10.00 - 15.30

Onsdag  12.00 - 19.00

Torsdag 12.00 - 19.00

Fredag   10.00 - 15.30

Laurdag  10.30 - 14.00

 

 

 

Har du spørsmål, send gjerne epost til: tamara.sortland@vagsoy.kommune.no

I Webkatalogen kan du søkje på bøker, lydbøker, filmar osv. som vi har på biblioteket. Finn du noko du likar kan du reservere det. Dersom du loggar deg inn, får du oversikt over alle låna dine og fornye dei dersom du ønskjer det.

Reglement

  • Alle med fast adresse i Noreg kan få lånekort. Barn under 15 år må ha underskrift av føresette for å få lånekort.
  • Utanlandske lånarar kan få eige kort, dersom dei anten har norsk personnummer, D-nummer (utanlandsk statsborgar som skattar til Noreg) eller DUF-nummer (innvandrarar og asylsøkjarar).
  • Lån til skuleklassar skal ha ein lærar som ansvarleg for materialet, og evt. tap skal erstattast av skulen.
  • Normal lånetid er 4 veker. Det er høve til å fornye lånet. Lånetid for video er 1 veke, kan fornyast éin gong.
  • Utlånt materiale kan reserverast om lånaren ønskjer det. Biblioteket kan prøve å låne inn bøker frå andre bibliotek, dersom boka ikkje finst hos oss.
  • Lånaren er ansvarleg for all skade på materialet som er lånt på vedkommande sitt lånekort og pliktar å betale vederlag dersom dokumenta vert skada eller tapt på anna vis. Føresette er ansvarlege for barna sine lån.

Biblioteket er ikkje ansvarleg for skade som måtte oppstå på avspelingsutstyr.

Internett

Ein kan bruke internett inntil 30 min. Dersom ingen andre ventar på å bruke maskina, er det høve til å sitje lenger. Det trådlause internettet på biblioteket kan nyttast på eige utstyr.

Purring / Gebyr

Biblioteket sender ut 3 varsel på dokument som ikkje er levert attende til rett tid. Det 4. varselet er rekning for tapt materiale. Rekninga vert sendt økonomiseksjonen i Vågsøy kommune som tek ansvaret for innkrevjinga. Standardprisen for ei vaksenbok er kr. 500.- For barnebok kr 300.-

 

Kontaktinformasjon bibliotek:
Kontaktinformasjon bibliotek:
NamnTelefonE-post
Sentralbordet57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Tamara Sortland57 84 51 30tamara.sortland@vagsoy.kommune.no
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 64 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering