Turistinformasjon

Bilde viser litt av Skramsvatnet og stadion. - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommune har mykje å by på!

Vågsøy kommune er ein del av naturskjønne Sogn og Fjordane.  Kommunen har ein vakker og variert natur, ligg ved kysten og har flotte fjell - der fjord møter hav.

Måløy - Klikk for stort bilete

Her kan du oppleve Vågsøy kommune sine kjente stader innan kystkultur: dei ærverdige fyra, handelsstaden Vågsberget, rorbuane i Torskangerpollen, kvernhus på Kråkenes og tønnefabrikken i Ulvesundet. Her får du oppleve kystlandskapet og kystkulturen på nært hald, Refviksanden, ein vakker sand- og badestrand med campingplass.

Kommunen har det beste utgangspunktet for sportsfiske, dykking, fugleobservasjonar og fotturar. Her finst mange turmoglegheiter med flotte merkede løyper.

Campingplassar i kommunen:
Refvik Camping på Refviksanden
Steinvik Camping i Blålida i Deknepollen
Nore Camping på Bryggja
Måløy småbåthavn (PDF, 711 kB)med moglegheit for bobilparkering midt i Måløy sentrum 

Kart over Vågsøy finn du her.

Vågsøy har eigen turistinformasjon i tida 15. juni til 14. august,
tlf. 969 46 353. Resten av året fungerer servicetorget på rådhuset som turistinformasjon, tlf: 57 84 50 00.
E-post: turistinfo@vagsoy.kommune.no

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering