Kulturstipend, Idrettsstipend og Kulturprisen 2018

Kulturprisen 2018 - Gruppebilde - Klikk for stort bilete

Vi gratulerer Mana Sørgård, Simon Eide Nordbø og John Tenden med velfortent støtte og heider!

Kulturprisen 2018 - Mana Sørgård - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 





Oppvekst- og kulturutvalet har i møte 27. november tildelt Mana Sørgård Kulturstipendet for 2018. Mana er ein ivrig piano- og kornettspelar, og vil bruke stipendet på ekstra undervisning og nødvendig materiell.

 

Kulturprisen 2018 - Simon Eide Nordbø - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 





Simon Eide Nordbø er tildelt Idrettsstipenet for 2018. Simon er ein treningsvillig fotballspelar som er ofte å sjå på Måløy stadion eller i Nordfjordhallen for å trene med tanke på å utvikle seg som fotballspelar.

Vågsøy kommunestyre gratulerer og ønsker lykke til med utvikling innan musikk og fotball!

 

Kulturprisen 2018 - John Tenden - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 





John Tenden har gjennom store delar av sitt vaksne liv vore ein aktiv og god drivkraft for kulturlivet i kommunen, og har blant anna dirigert koret Vestavind i over 27 år. John har tidlegare blitt tildelt 25 års medlaje frå Norges korforbund i Sogn og Fjordane.

Vågsøy kommunestyre takkar for innsatsen og engasjementet for kulturlivet i kommunen!

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering