Kunngjering av Detaljreguleringsplan for Amonda, Vågsøy kommune

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete Planene legg til rette for utbygging av einebustader/tomannbustader på Amondamarka. Planframlegget tek i stor grad omsyn til krigsminnneverdiane i området. 

08_1585_Kartutsnitt - Klikk for stort bilete Ved eigengodkjenning i K-sak 035/11 vart planen påklagd. Som saksutgreiinga viser er klagene vurdert og planen er endra i forhold til dette.

Vedtak i kommunestyret K-078/13:

Kommunestyret vedtek, med heimel i Plan- og bygningslova (2008) § 12-12, å eigengodkjenne Detaljreguleringsplan for Amonda revidert 26.08.2013 med tilhøyrande føresegner. Klagene vedt oversendt fylkesmannen for endeleg vedtak.

Dei vedtekne dokumenta plankart, føresegner, planhefte og saksprotokoll er tilgjengelig via lenker nedst i Artikkelen. Dokumenta er tilgjengelege på Servicetorget i perioden fram til fristen for klage er ute. Ynskje om kopi av dokumenta kan rettast til
Servicetorget tlf. 57 84 51 47

Vedtak kan påklagast etter Plan- og bygningslova § 12-12 jf. § 1-9 og forvaltningslova
kap. VI. I samsvar med dette er grunneigarar og andre varsla gjennom brev og planvedtaket blir kunngjort i Fjordenes Tidende den 15. november.

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 06. desember 2013.(3 veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa).

Klage må vere sendt til Vågsøy kommune, Postboks 314, 6701 Vågsøy, eller til post@vagsoy.kommune.no, innan 06. desember 2013.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må sendast kommunen innan tre år etter denne kunngjeringa (jf. Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3).

Jf. forvaltningslova § 42 er det høve til å be om utsett iverksetting av vedtak inntil klagefristen er ute, eller klaga er avgjort. Nærare orientering om utsett iverksetting og klagerett er tilgjengeleg saman med saksdokumenta under.

Skjemaet er vedlagt til grunneigarar og naboar.

Dokument:

Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 15.11.2013
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering