Kunngjering av Mindre endring av Reguleringsplan for Almenningen, gbnr. 152/3

Vågsøy kommune vedtok, i samsvar med Plan- og bygningslova §12-12 og §12-14, Mindre endring av Reguleringsplan for Almenningen, gbnr 152/3, datert 13.02.2018, med tilhøyrande føresegner, revidert 14.03.2018, planID 201706. Planen er vedteken i formannskapsmøte 19.04.2018 i sak 088/18. Vedteken reguleringsplan er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Vedtaket

F- 088/18 Vedtak: 
Vågsøy kommune vedtek, i medhald § 12-12 og § 12-14 i Plan og bygningslova (pbl), Mindre endring av Reguleringsplan for Almenningen, gbnr 152/3, datert 13.02.2018 og revidert 14.03.2018, med tilhøyrande føresegner og følgjande endringar i plandokumenta: 
1. Vemmelsvikvegen skal ha minste horisontalkurveradiusen 30 m. Det skal leggast inn breiddeutviding i tråd med krav gitt i vegnormalane. Vegen skal regulerast med 6 meter breidde. 
2. Avkøyrsle til parkeringsplassen vert regulert inn frå Tunvegen 
3. 2,5 meter breitt fortau på austsida av Vemmelsvikvegen 
4. Rekkefølgjekrav knytt til utviding av Vemmelsvikvegen til austre formålsgrense for vegen. Det kan inngåast utbyggingsavtale med kommunen. Utvidinga skal vere ferdigstilt før det vert gjeve bruksløyve. 
5. Planheftet blir supplert med skisser som viser sporingskurver, for lastebil køyremåte C, gjennom krysset mellom Vemmelsvikvegen og Sjøvegen 
6. Senterlinje veg og fyllings- eller skjeringsutslag skal teiknast inn på plankartet og breidder samt byggjegrenser skal målsettast 
7. Det skal vere minimum 1,5 meter anna vegareal regulert på sida av vegen og det skal leggast inn byggjegrense på parkeringsplassen minst 0,5 meter frå trafikkareal. 
8. § 2.2 i føresegnene skal supplerast med krav til prosjektering som sikrar at parkeringsplassen vert eit godt funksjonelt og estetisk tilskot til bustadmiljøet 
9. Tunvegen vert regulert som privat veg, eigarform offentleg vert endra 
10. Born som skal hentast til ungdomsskule nyttar busslommene ved rv15. Planframlegget må oppdaterast i tråd med dette 
11. Planheftet må oppdaterast slik at det i teksten vert vist til rett § i føresegnene. 
 
Fristen for å klage på vedtaket er sett til 11.06.2018. Klage kan rettast til:
 
Vågsøy kommune
Postboks 294
6701 Måløy
 
Klage kan også rettast til e-post: post@vagsoy.kommune.no. 
 
Formål og bakgrunn med planen
 
Formålet med planen er å legge til rette for etablering av parkeringsplass for tilsette ved Nordvestvinduet AS. Tilsette parkerer i dag på fyllinga sør for fabrikkbygget. Dette er lite gunstig då bilane vert utsett for salt og sjørok. Eigaren av gbnr. 152/3 ønskjer å trappe ned på gardsdrifta, og har derfor inngått ein leigeavtale for ein parsell av eigedomen. 
 
Utbygging av parkering vert planlagt ut i frå behovet, som i første omgang vil vere rundt 50 parkeringsplassar. Planen gir rom for at Vemmelsvikvegen kan utvidast med om lag 1 meter. Parkeringsplassen og vegane skal belysast på ein måte som ikkje vert oppfatta som sjenerande eller plagsamt for nærliggande vegar og bustadar. 
 
Planen er vurdert til å vere ei mindre endring av eksisterande reguleringsplan. Sjå vurdering i saksframlegg.
 
Lokalisering av planområdet
 
Planen omfattar området vist på kartutsnittet. Området er avgrensa av Rv.15 i nord, Vemmelsvikvegen i vest, Tunvegen i sør og gbnr. 152/6 i aust. Fabrikken til Nordvestvinduet AS ligg i gangavstand og tilkomst til parkeringa er regulert frå Vemmelsvikvegen. Gangtilkomst til fabrikken frå parkeringsplassen vil gå via Tunvegen, alternativt vil den gå via ein ny opparbeida gangtilkomst langs Rv.15. 
 
Figur 1 - Planavgrensing - Klikk for stort bilete

Figur 3 - Plankart - Klikk for stort bilete

Figur 2 - Raud linje viser gangtilkomst via Tunvegen. Blå linje viser alternativ gangtilkomst. - Klikk for stort bilete
 
 
 
 
Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 16.05.2018
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering