Kunngjering av offentleg ettersyn av Kommunedelplan for oppvekst Vågsøy kommune 2013-2025 kvalitetsdelen

Bilde Kommunedelplan - Klikk for stort bilete I sak 043/13 den 13.06.2013 vedtok utval for plansaker, i medhald av pbl § 11-14, å leggje kvalitetsdel til kommunedelplan for oppvekst ut til offentleg ettersyn.

Kommunedelplan for oppvekst, kvalitet og struktur, låg ute til høyring i perioden 22.10.2012 – 03.12.2012. På bakgrunn av høyringsuttalane vedtok planutvalet i sak 008/13 den 31.01.2013 å skilje arbeidet med kvalitet og struktur frå kvarandre. Det er på grunnlag av høyringsinnspela til kvalitetsdelen arbeidd vidare med hovudgrep for kvalitet i oppvekstplanen.

I sak 043/13 den 13.06.2013 vedtok utval for plansaker, i medhald av pbl § 11-14, å leggje kvalitetsdel til kommunedelplan for oppvekst ut til offentleg ettersyn.

Planen er elektronisk tilgjengeleg her (PDF, 9 MB) og i papirversjon på servicetorget på Rådhuset i Måløy.

Frist for innspel til planen er 06.09.2013.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 18.07.2013