Kunngjering av offentleg ettersyn av Kommuneplan for Vågsøy kommune 2013-2025 samfunnsdelen

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete Vågsøy kommunestyre vedtok den 21.03.13 i K-sak 016/13, med heimel i Plan- og bygningslova § 11-14, å leggje ” Kommuneplan for Vågsøy kommune 2013-2025 Samfunnsdelen» ut til offentleg ettersyn.

Samfunnsdelen til kommuneplanen er ein arena for å diskutere langsiktige utfordringar og trekkje opp mål og strategiar for korleis kommunen skal utvikle seg, både som samfunn og organisasjon.

Samfunnsdelen omfattar mange innsatsområde, og kommunen har ikkje ressursar eller mynde til å få gjennomført alle måla i planen. Skal vi som samfunn greie å gjennomføre planen må vi saman delta i oppfølging av planen, både kommune, regionale og statlege instansar, næringsliv, lag- og organisasjonar og alle innbyggarane i kommunen.

I framlegg til samfunnsdel som no vert lagt ut til høyring er det fokusert på at Vågsøy kommune skal vere ein god stad å bu, bygd på visjonen "Vekst og trivsel". Vi skal aktivt utvikle regionen vår med attraktive arbeidsplasser og eit levande sentrum i kommunen.

Forside kommuneplan - Klikk for stort bilete Kulturen vår skal kjenneteiknast av at vi er opne og inkluderande, at vi vågar og er utviklingsorienterte.

Ein overordna føresetnad er at Vågsøy kommune er eit levedyktig lokalsamfunn. Gjennom heile livsløpet må vi ha gode levekår, som gir grunnlag for befolkningsvekst og utvikling, gjennom ei bærekraftig forvalting.

Nye lovkrav set større krav til kompetanse og kvalitet i alle ledd i dag enn tidlegare. Ein heilskapleg og handlekraftig kommuneorganisasjon, i eit nært og godt samarbeid med aktive og entusiastiske aktørar frå næringsliv og organisasjonar i vårt lokalsamfunn, er derfor nødvendig for å nå måla våre.

Kommuneplanen vår beskriv "slik vil vi ha det" og "slik gjer vi det". Samfunnsdelen skal leggast til grunn for vidare arbeid med arealdelen, kommunedelplanar, handlingsprogram og verksemdplanar for dei ulike tenesteområda i kommuneorganisasjonen.

Plandokumentet er utarbeidd med brei deltaking og involvering frå innbyggarane, kommuneadministrasjonen, politiske råd og utval, organisasjonar og næringsliv. Vi har fått forslag til mange konkrete tiltak gjennom prosessen. Vi vil ta dei med vidare ved utarbeiding av handlingsprogram og verksemdplanar.

Gjennom høyringsprosessen er det viktig at vi får innspel til samfunnsdelen frå regionale og statlege instansar, lag og organisasjonar, næringsliv og den einskilde innbyggar. Vi ynskjer særleg innspel til om det er dei rette fokusområda som er utpeikt og om dei utpeikte strategiske områda for å nå måla (overskriftene i slik gjer vi det) er dei viktigaste å arbeide vidare med. Vi ynskjer innspel til kva stat, region og kommune bør fokusere på og kva vi som einskildpersonar eller lag og organisasjonar kan bidra med. Kommunen inviterer alle interesserte til diskusjonsmøte den 15. april.

Frist for å kome med innspel til ”Kommuneplan for Vågsøy kommune 2013-2025 Samfunnsdelen", vert sett til 03.05.13.

Planframlegget er tilgjengeleg elektronisk på Vågsøy kommune sine heimesider og i papirversjon på Servicetorget på rådhuset i Måløy, Gate 1 64. Kommuneplanen er utarbeidd med grunnlag i Planstrategi og planprogram og Vedlegg 2, bakgrunnsmateriale for planen.

Innspel vert å sende Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller på e-post til post@vagsoy.kommune.no. Merk innspel med «Kommuneplan for Vågsøy kommune 2013-2025 Samfunnsdelen».

Spørsmål kan rettast til underteikna på tlf: 57 84 50 85 / 97 77 25 82 eller på e-post: janne.midtbo@vagsoy.kommune.no 

Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 23.10.2014
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering