Kunngjering av offentleg ettersyn av planprogram og varsel om oppstart av arbeidet med Kommunedelplan for folkehelse 2014-2018

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete Utval for plansaker har i sak 007/14 i møte den 30.01.2014 vedteke å leggje Planprogram for Kommunedelplan for folkehelse 2014-2018 ut til offentleg ettersyn. Samstundes med kunngjering av offentleg ettersyn av planprogrammet vert arbeidet med Kommunedelplan for folkehelse varsla oppstarta.   

Planprogrammet er tilgjengeleg elektronisk her (PDF, 2 MB) i papirversjon på Servicetorget på Rådhuset i Måløy, på biblioteket i Måløy og i tillegg vil det bli lagt ut på daglegevarebutikkane på Raudeberg, i Skavøypoll, på Bryggja og i Holvik.

Frist for å kome med innspel er 28.04.2014 og kan sendast Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy eller på e-post post@vagsoy.kommune.no
Merk innspel med "Innspel til Planprogram for Folkehelse".

 

Målet med planarbeidet er å betre folkehelsa til innbyggjarane i Vågsøy kommune. For å nå målet må innsats rettast både mot befolkning, lokalsamfunn og kommune.

Planprogrammet gir føringar for innhaldet i arbeidet med sjølve kommunedelplanen og har konkludert med at følgjande innsatsområde bør utgreiast i planprosessen:
¤ Tidleg innsats
¤ Kosthald
¤ Aktivitet
¤ P
sykisk helse

Følgjande perspektiv skal vurderast særskild i heile planarbeidet:
¤ Støtte til eigenmestring
¤ Utgjevne sosial ulikhet
¤ F
remje integrering
¤ Universell utforming
¤ Frivillig innsats
¤ Kultur
¤ Utemiljø og møteplassar