Planprogrammet gir føringar for arbeidet med sjølve planen og har kome fram til at følgjande innsatsområde bør greiast ut i planprosessen:
-
kva kulturminne som skal dokumenterast/registrerast for ettertida før dei går tapt
-
kva kulturminne som skal takast vare på
-
kva tiltak som må setjast i verk for at vi skal kunne ta vare på kulturminna.
Det er viktig å sikre eit mangfald av representative kulturminne og kulturmiljø i Vågsøy som fortel om vår kulturhistorie i eldre og nyare tid. Dette for å ta vare på og bringe vidare kulturarven og identiteten vår. Dette gjeld bygg og bygningsmiljø, gjenstandar og immaterielle kulturminne.
Planprogrammet er tilgjengeleg elektronisk på Vågsøy kommune sine heimesider, i papirversjon på Servicetorget på Rådhuset i Måløy, Gate 1 64 og på biblioteket i Måløy.
Frist for å komme med innspel til planprogrammet er sett til 23.06.2014.
Innspel sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, eller på e-post til post@vagsoy.kommune.no og merkast med ”Innspel til Planprogram for kulturminneplan".