Kunngjering av Reguleringsendring for del av reguleringsplan Skramsfeltet gbnr. 115/19

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete Ny plan omfattar mindre endring av friareal til bustadføremål.
Planen legg til rette for at gbnr. 115/190 kan nytte ein mindre del av grøntarealet til bygging av ny garasje.

10_159_Kartutsnitt - Klikk for stort bilete Vedtak i planutvalet P-053/12 :

Planutvalget vedtek, med heimel i Plan- og bygningslova (2008) §§ 12-12 og 12-14 andre ledd, å eigengodkjenne Reguleringsendring for del av reguleringsplan Skramsfeltet , gbnr. 115/190, 141, datert 13.06.12, med tilhøyrande føresegner for Reguleringsplans for Skramsfeltet (1979) med følgjande tillegg:

§ 5.1: Gbnr 115/190 kan ha ei utnyttingsgrad på inntil 30 %-TU (tomteutnytting.)
§ 7.1: Garasje på gbnr. 115/190 kan ha eit bruksareal på inntil 50m2-BRA og skal plasserast som vist på arealplankartet for Reguleringsendring for del av reguleringsplan Skramsfeltet g.nr/b.nr-115/190, 141, datert 31.05.2012.

Dei vedtekne dokumenta plankart, føresegner, planhefte og saksprotokoll er tilgjengelig via lenker nedst i Artikkelen. Dokumenta er tilgjengelege på Servicetorget i perioden fram til fristen for klage er ute. Ynskje om kopi av dokumenta kan rettast til
Servicetorget tlf. 57 84 51 47

Vedtak kan påklagast etter Plan- og bygningslova § 12-12 jf. § 1-9 og forvaltningslova
kap. VI. I samsvar med dette er grunneigarar og andre varsla gjennom brev og planvedtaket blir kunngjort i Fjordenes Tidende den 15. november.

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 06. desember 2013.(3 veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa).

Klage må vere sendt til Vågsøy kommune, Postboks 314, 6701 Vågsøy, eller til post@vagsoy.kommune.no innan 06. desember 2013.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må sendast kommunen innan tre år etter denne kunngjeringa (jf. Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3).

Jf. forvaltningslova § 42 er det høve til å be om utsett iverksetting av vedtak inntil klagefristen er ute, eller klaga er avgjort. Nærare orientering om utsett iverksetting og klagerett er tilgjengeleg saman med saksdokumenta under. Skjemaet er vedlagt til grunneigarar og naboar.

Dokument:

Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 14.11.2013