Kunngjering av vedtak av Kommunedelplan oppvekst for Vågsøy 2013-2025, Kvalitetsdel

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete Vågsøy kommunestyre vedtok den 31.10.2013 i K-sak 090/13, med heimel i Plan- og bygningslova § 11-15, Kommunedelplan oppvekst for Vågsøy kommune 2013-2015, Kvalitetsdel.

 

Dei viktigaste innsatsområda i forhold til utfordringane i Vågsøy er:
¤ Tidleg innsats
¤ Tverrfagleg innsats
¤ Foreldresamarbeid
¤ Tilpassa opplæring
¤ Leiing av utviklings- og endringsarbeid


Viktige område for handling er:
¤ Utarbeide felles pedagogisk plattform for oppvekstsektoren i Vågsøy
¤ Utvikling av kompetanseplan
¤ Vidareutvikle kvalitetssystemet
¤ Vidareutvikle entreprenørskapsplan for Vågsøy
¤ Vidareutvikle frå eldst til yngst planen
¤ Utvikling av felles plan for arbeid med psykososialt læringsmiljø
¤ Utvikle lokal læreplan
¤ Interne utviklingsarbeid for foreldresamarbeid i tenestene
¤ Opprette kommunelt foreldreutval for barnehage KFUB
¤ Etablere foreldreskule
¤ Opprette innføringsklasse
¤ Plan for bruk av arbeidstid

Kommunedelplanen er elektronisk tilgjengeleg her (PDF, 9 MB) 
og i papirversjon på servicetorget på Rådhuset i Måløy.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 21.11.2013