Kunngjering av vedtak - Kommunedelplan for Helse og omsorg i Vågsøy kommune 2012-2024

Kommunedelplan Helse- og omsorg 2012-2024
Kommunedelplan Helse- og omsorg 2012-2024

I sak 024/12 den 22. mai 2012 vedtok kommunestyret i medhald av pbl § 11-15 Kommunedelplan for helse og omsorg i Vågsøy kommune 2012-2024.

Visjonen i planen er helse i alt vi gjer og omsorg eit felles ansvar.

Planen kan du lese her (PDF, 2 MB). Dersom du ynskjer ein papirversjon kan du vende deg til servicetorget på rådhuset i Måløy.

Formålet med planen er å ha eit langsiktig perspektiv på kvalitet og kapasitet i tenestetilbodet innanfor helse og omsorg. 
Målsettinga er at alle tek ansvar for eiga helse, planlegg og tilrettelegg eigen bustad og er aktivt sosialt deltakande i lokalsamfunnet.
Vi skal yte tenester på best effektive omsorgsnivå, fokusere på kva den einskilde meistrar og sette mål for kva den einskilde kan meistre sjølv. Vi skal legge til rette for at den einskilde vert bevisst på og nyttar eigne ressursar.

Visjonen i planen er helse i alt vi gjer og omsorg eit felles ansvar.

Dei viktigaste sentrale grepa i planen er:

· Auka dekningsgrad for bemanna omsorgsbustader
· Yte tenester på lågast mogleg omsorgsnivå
· Førebygging, tidleg innsats og aktiv omsorg
· Kvalitetsutvikling, kompetanse og rekruttering
· Brukartilpassa heilskaplege tenester

Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 02.07.2012