Kunngjering av vedtak, Kommuneplan for Oppvekst i Vågsøy kommune 2014-2025, Strukturdel

Bilde Kommunedelplan - Klikk for stort bilete Kommunedelplan for oppvekst, kvalitet og struktur låg ute til høyring i perioden 22.10.2012 – 03.12.2012. På bakgrunn av høyringsuttalane vedtok Planutvalet i PU-sak 008/13 den 31.01.2013 å skilje arbeidet med kvalitet og struktur frå kvarandre. Det er på grunnlag av høyringsinnspela til strukturdelen arbeidd vidare med hovudgrep for struktur i oppvekstplanen.

Planutvalet vedtok i sak PU-006/14 den 30.01.2014 å leggje Kommunedelplan for oppvekst i Vågsøy kommune 2014-2025, strukturdel, ut til 2. gongs offentleg ettersyn i medhald av pbl. § 11-14 i perioden 10.02.2014 – 24.03.2014.

Kommunestyret vedtok, i medhald av pbl. § 11-15, Kommunedelplan for Oppvekst i Vågsøy kommune 2014-2025, Strukturdel, 10.04.2014 i K-sak 025/14.

Kommuneplanen er tilgjengeleg i papirversjon på Servicetorget på Rådhuset i Måløy, Gate 1 64 og elektronisk her:
Kommunedelplan for Oppvekst i Vågsøy kommune, 2014-2025, K-sak 025/14 (PDF, 283 kB)
Vedtak av Kommunedelplan for Oppvekst i Vågsøy kommune 2014-2024, strukturdel (PDF, 98 kB)