Kunngjering av vedtak om mindre reguleringsendring av Reguleringsplan for Tennebø, tilkomst til Måløy vgs

Tennebø - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommune vedtok, i samsvar med Plan- og bygningslova §12-12 og §12-14, Mindre reguleringsendring av Reguleringsplan for Tennebø, tilkomst til Måløy vgs(planid 201803), datert 30.04.2018 og 13.06.04.2018 og reviderte føresegner datert 13.06.2018. Planen er vedteken i formannskapsmøte 07.06.2018 i sak 138/18. Vedteken reguleringsplan er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

 

 

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 19.06.2018

F- 138/18 Vedtak:

Vågsøy kommune vedtek, i medhald § 12-12 og § 12-14 i Plan og bygningslova (pbl), Mindre endring

av Reguleringsplan for Tennebø, tilkomst til Måløy vgs (planid 201803), datert 30.04.2018 og

reviderte føresegner datert 05.06.2018 Vedlegg A i planomtalen, føresegner vert erstatta med

reviderte føresegner datert 05.06.2018.

Vi takkar for eventuelle bidrag i planprosessen. Les meir om endringar av plandokument i saksframlegg og saksprotokoll.

Saksdokument

Plandokument og kopi av saksframlegg og vedtak er tilgjengelig her og på plan- og kartsidene til kommunen i planregisteret.

Dokumenta vil òg vere tilgjengeleg på Servicekontoret i kommunen, Gate 1 nr. 64, 6701 Måløy, i perioden fram til klagefristen går ut. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte Servicetorget på tlf. 57 84 51 47.

Eventuelle klager

I samsvar med pbl §12-12 er grunneigarar, offentlege instansar og andre som vert direkte råka av planen varsla med dette brevet. Planen vert også kunngjort i Fjordenes Tidende 19.06.2018.

Fristen for å klage på vedtaket er tre veker frå brevet er motteke, og sett til 03.07.2018, jf. Forvaltingslova §29.

Vi opplyser om høve til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klaga er avgjort, jf. Forvaltningslova §42. Nærmare orientering om utsett iverksetjing og klagerett er tilgjengeleg saman med saksdokumenta på kommunen si heimeside. Desse er også lagt som vedlegg til dette brevet.

Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillar, parter som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.

Erstatning/innløysing

Krav om erstatning etter Plan- og bygningslova §15-2, og krav etter same lov §15-3, må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjort.

Formål og bakgrunn med planen

Arkitektkontoret A38 og Norconsult AS har på vegner av Sogn & Fjordane fylkeskommune utarbeidd ein mindre reguleringsendring av Reguleringsplan for Tennebø, planID 199303. Formålet med planen er:

1.            Å lovheimle eksisterande avkøyrsle/kryss i ein detaljreguleringsplan med geometri utforma i tråd med Statens vegvesen sine retningslinjer

2.            Flytte dagens busslomme ut av sikttrekanten til krysset

Reguleringsplanen er ein del av ombyggings- og moderniseringsarbeidet ved Måløy vidaregåande skule, som det vart søkt rammeløyve om hausten 2017. Statens vegvesen kom med ein merknad om at geometrien i dagens avkøyrsle ikkje tilfredsstiller geometrikrava, og det vart i møte semje om at det måtte utarbeidast ein detaljregulering for ny avkøyrsle og ny busslomme.

Reguleringsplan for Tennebø opnar ikkje opp for etablering av avkøyrsla som ligg der i dag, og plasseringa av busslomma i avkøyrsla skapar eit faremoment i trafikken. Det er derfor naudsynt å utbetre denne avkøyrsla, samt flytte busslomma slik at ein oppnår ei betre og sikrare trafikkavvikling. Den nye planen legg også til rette for ei utbetring av parkerings- og oppstillingsplassen ved skulen, med eit tydlegare skilje mellom buss, annan biltrafikk og mjuke trafikkantar. Området vil også skilje buss og personbilar, og ha ei eiga «kiss and ride-sone» for på- og avstiging, slik at ein oppnår betre flyt i trafikken.

Planen er vurdert til å vere ei mindre endring av eksisterande reguleringsplan. Sjå vurdering i saksframlegg.

 Tennebø - Klikk for stort bilete Tennebø - Klikk for stort bilete

 

     

Planen omfattar området vist på kartutsnittet. Området inkluderer Rv.15 i nord og området mellom rv 15 og bygga på Måløy vidaregåande skule i aust.

Reguleringsplan Tennebø (PDF, 378 kB)
Rapport Måløy vidaregåande (PDF, 3 MB)
Reguleringsplan (PDF, 350 kB)
Illustrasjonsplan (PDF, 384 kB)
ROS Måløy vidaregåande (PDF, 2 MB)
Skredfarevurdering (PDF, 11 MB)

Saksprotokoll med saksutgreiing og vedtak (PDF, 2 MB)