Kunngjering av vedteken detaljregulering for Djupevika industriområde

Kommunevåpen std - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommunestyre vedtok, med heimel i plan- og bygningslova (pbl) § 12-12, i møte 21.09.2017, sak K-064/17 Detaljregulering for Djupevika industriområde, datert 16.01.2017 og revidert 19.06.2017, planID: 201506.
Vedteken reguleringsplan er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Vedtak i kommunestyret:

«Vågsøy kommune vedtek, i medhald § 12-12 i Plan- og bygningslova (pbl), Detaljregulering for Djupevika industriområde, datert 16.01.2017 og revidert 19.06.2017..»

Planvedtaket blir no kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Vi takkar for bidrag i planprosessen. Les meir om endringar av plankart, føresegner og planomtale i saksframlegga og saksprotokollen.

Saksdokument
Plankart, føresegner og planomtale, samt kopi av saksframlegg, saksprotokoll og andre sentrale saksdokument blir no kunngjort. Dokumenta er også tilgjengeleg på Servicetorget i kommunen, Gate 1 nr. 64 Måløy, i perioden fram til klagefristen går ut 26.01.2018. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte Servicetorget på tlf. 57 84 51 47.

Eventuelle klagar

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved brev, og planvedtaket blir kunngjort i Fjordenes Tidende 05.01.2018.

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 26.01.2018. Klage på reguleringsplanen kan rettast til Vågsøy kommune, postboks 294, 6701 Måløy.

Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klaga er avgjord, jf. forvaltingslova § 42. Nærmare orientering om utsett iverksetjing og klagerett er tilgjengeleg saman med saksdokumenta på vår internettside.

Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.

Erstatning/ innløysing

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjort.

Formål med planen

Planområdet ligg i Djupevika industriområde ved Evja i Vågsøy kommune, og er ein del av gbnr 112/1. Formålet med planen er å leggje til rette for etablering av ei mindre fylling i sjø, som skal nyttast til naust og lager. Planen inneber også kontor i tilknyting til desse, parkering og opptrekk for båt. I tillegg skal det etablerast ei småbåthamn i sjø. Området er på om lag 16,5 daa og omfattar delar av kommunal veg i sør, samt eit mindre areal på land mellom vegen og sjø.

Lokalisering av planområdet

Planen omfattar området vist på kartutsnittet.

Djupevika - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

1. Kartutsnitt over planområdet

 

 djupevika_2.png - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

2. Området er i hovudsak regulert til kombinert bygg/anleggsformål og småbåthamn.

 

Dokument tilhøyrande planen:

Varslingsbrev Djupevika industriområde (PDF, 468 kB)

Detaljregulering Djupevika industriområde (PDF, 844 kB)

Djupevika - plankart (PDF, 617 kB)

Djupevika - planomtale (PDF, 2 MB)

Djupevika - føresegner (PDF, 83 kB)

Djupevika industriområde - spørsmål om skredvurdering (PDF, 307 kB)

Rapport skredfarevurdering (PDF, 4 MB)

Djupevika - ROS-analyse (PDF, 337 kB)

Oppsummering av merknader (PDF, 91 kB)

Underretning om klage (PDF, 131 kB)

Klage over forvaltningsvedtak - skjema (PDF, 36 kB)

 

 


 


 

 

Sist endra 02.01.2018