Kunngjering av vedteken detaljregulering for kulturhus, næring og kontor på gbnr: 119/15, 119/25, 119/218, 119/320 og 119/435 på Raudeberg

Kommunevåpen std - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommunestyre vedtok, med heimel i plan- og bygningslova (pbl) § 12-12, i møte 21.09.2017, sak nr. 065/17 Detaljregulering for kulturhus, næring og kontor på gbnr: 119/15, 119/25, 119/218, 119/320 og 119/435 på Raudeberg, datert 28.11.2016 og revidert 16.06.2017, planID: 201601.

Vedteken reguleringsplan er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Vedtak i kommunestyret:

«Vågsøy kommune vedtek, i medhald § 12-12 i Plan- og bygningslova (pbl), Detaljregulering for kulturhus, næring og kontor på bgnr: 119/15,  119/25, 119/218, 119/320 og 119/435 på Raudeberg, datert 28.11.2016 og revidert 16.06.2017, med tilhøyrande dokument..»

Planvedtaket blir no kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Vi takkar for bidrag i planprosessen. Les meir om endringar av plankart, føresegner og planomtale etter høyring og offentleg ettersyn i saksframlegga og saksprotokollen.

Saksdokument
Plankart, føresegner og planomtale, samt kopi av saksframlegg, saksprotokoll og andre sentrale saksdokument blir no kunngjort. Dokumenta er også tilgjengeleg på Servicetorget i kommunen, Gate 1 nr. 64 Måløy, i perioden fram til klagefristen går ut 30.01.2018. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte Servicetorget på tlf. 57 84 51 47.

Eventuelle klagar

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved brev, og planvedtaket blir kunngjort i Fjordenes Tidende 09.01.2018.

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 30.01.2018. Klage på reguleringsplanen kan rettast til Vågsøy kommune, postboks 294, 6701 Måløy.

Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klaga er avgjort,  jf. forvaltingslova § 42. Nærmare orientering om utsett iverksetjing og klagerett er tilgjengeleg saman med saksdokumenta på vår internettside. Skjemaet er også lagt ved til grunneigarar og naboar.

Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.

Erstatning/ innløysing

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjort.

Formål med planen

Reguleringsplanen opnar for utvikling av ein mindre del av Raudeberg sentrum. Planen legg til rette for m.a. kulturhus, næring og kontor samt vidareføring av eksisterande forretning. Det er mogleg å etablere parkeringsplassar, og det er planlagt nytt tosidig fortau med kantstopp-parkering for buss. Planen opnar også for ei utviding av eksisterande kai ved fylling i sjø, og det er regulert ei mindre utviding av molo mot tilkomstveg. Tilkomsten til molo er uendra.  

Lokalisering av planområdet

Planen omfattar området vist på kartutsnittet.

Raudeberg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

Raudeberg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dokument tilhøyrande planen:

Raudeberg føresegner (PDF, 5 MB)

Raudeberg plankart (PDF, 4 MB)

Raudeberg planomtale (PDF, 2 MB)

Raudeberg ROS-analyse (PDF, 217 kB) (vedlegg)

Raudeberg ROS-analyse (PDF, 359 kB)

Detaljregulering (PDF, 447 kB)

Underretning om klage (PDF, 131 kB)

Klage over forvaltningsvedtak - skjema (PDF, 36 kB)

Innspelskjema (PDF, 90 kB)

Uttale frå geolog (PDF, 185 kB)

Varslingsbrev (PDF, 644 kB)

Sist endra 04.01.2018
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering