Kunngjering av vedteken reguleringsplan - Bu- og omsorgssenter på Kulen

Vågsøy kommunevåpen PNG - Klikk for stort bilete

PlanID 201801 Endring av reguleringsplan for Bu- og omsorgssenter på Kulen, utviding mot vest, gbnr, 105/173 - Melding om vedtak og klagerett

Vågsøy kommune vedtok, med heimel i plan- og bygningslova (pbl) § 12-12, i møte 28.02.2019 sak K011/19 Endring av reguleringsplan for Bu- og omsorgssenter på Kulen, utviding mot vest, gbnr. 105/173, datert 11.09.2018, PlanID 201801, med nokre mindre endringar. Planen er no oppdatert i tråd med vedtaket og er datert 28.06.2019. Vedteken reguleringsplan er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Bu- og omsorgssenter Kulen.png - Klikk for stort bilete

 

 

 

 


 

Eitt av to førebelse alternativ til utbyggjing i området (alternativ 2).

Vedtak i kommunestyret

I tråd med Plan- og bygningslova (pbl) §12-12 eigengodkjenner Vågsøy kommune Endring av reguleringsplan for Bu- og omsorgsenter på Kulen, utviding mot vest, gbnr 105/173, planid: 201801, datert 11.09.2018 med følgjande mindre endringar:

  1. Føresegn 2.8 Trafikkforhold ved Rv. 15 og § 7 punkt 4 skal slettast.
  2. Alle tiltaka som er påpeika av Direktoratet for samfunnstryggleig og beredskap vert innarbeidd i føresegnene § 3.1.3.
  3. Spreiing av amminiakk frå tankanlegget skal inkluderast i spreiiingsanalyse og føresegnene § 3.1.3 skal oppdaterast i tråd med dette.
  4. Føresegnene § 3.1.3 skal stille krav til at det før rammeløyve skal foreligge vedteken VA-rammeplan som inkluderer handtering av overvatn.
  5. Plankart og føresegner er motstridande. Det er regulert inn juridisk bindande avkøyrslepiler i plankartet og lagt inn tekst i føresegnene om at dei ikkje er juridisk bindande. Setningane om avkøyrsler i føresegnene § 3.2. vert sletta.
  6. Omsynssoner H310_1 og 2 skal supplerast med føresegner der den reelle skredfaren er angitt med intervall for nominell årleg sannsynlegheit.
  7. Føresegnene vert endra slik at forklarande tekst som høyrer heime i planomtalen vert teken ut av føresegnene.
  8. Føresegnene vert endra slik at det ikkje vert vist til den planen som no er under revisjon. Den eldre planen vert erstatta innanfor det nye planområdet og denne planen skal ha sitt komplette sett av føresegner.
  9. I føresegn 3.3.1 vert setninga Ein føreset at ein utarbeider utomhusplan for området før tiltak vert igangsett endra til eit juridisk klart krav: Det er krav til godkjend utomhusplan før løyve til igangsetting av tiltak innanfor 0_BOP.
  10. Føresegn §7 punkt 5 viser til byggjeplan og krav til vassforsyning. Dette er inkludert i krav til va-rammeplan og dette punktet vert teke ut av føresegnene.

De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-12. Vedteken reguleringsplan er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Vi takkar for bidrag i planprosessen. Les meir om endringar av plankart, føresegner og planbeskriving etter høyring og offentleg ettersyn i saksprotokollen.

Saksdokumenter
Plankart, reguleringsføresegner og planomtale slik dei vart vedtekne, kopi av saksframlegg og saksprotokoll og andre sentrale saksdokument er tilgjengelege på internettsida vår: www.vagsoy.kommune frå måndag den 5. august.

Dokumenta vil og vere tilgjengelege på Servicetorget på rådhuset i Måløy, gate 1 nr 120, i perioden fram til klagefristen går ut. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte Servicetorget på tlf. 57 84 51 47.

Eventuelle klagar

I samsvar med pbl § 12-12 er grunneigarar og andre varsla med dette brevet, og planvedtaket blir kunngjort i Fjordenes Tidende tysdag 6. august. 

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 27. august (3 veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa).

Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute, eller klaga er avgjort, jf. forvaltningslova § 42. Nærmare orientering om utsett iverksetjing og klagerett er tilgjengeleg saman med saksdokumenta på www.vagsoy.kommune.no.

Etter at klagefristen er ute vil vi orientere forslagsstillar, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket. 

Erstatning/ innløysing

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2, og krav om innløysing etter same lov § 15-3 må setjast fram seinast 3 år etter at reguleringsplanen er kunngjort.

Formål med planen

Formålet med planen er å leggje til rette for ei utviding av Kulatoppen Bu- og omsorgssenter ved å byggje ut nye omsorgsbustadar tilhøyrande eksisterande omsorgssenter. Dei nye bustadane er tenkt plassert vest for parkeringsplassen og strekkjer seg nordover langs ryggen av Kulatoppen. Dette medfører terrengendringar som gjev rom for nye uteareal. Planen legg også føringar for opprustning av eksisterande parkeringsplassar og utbygging av nye. Gangvegen langs tilkomstvegen skal også utvidast noko for å settje krav til brøytebredde. Planarbeidet blir gjort som ei reguleringsendring hovudsakleg innanfor gjeldande reguleringsplan (Reguleringsplan for bu- og omsorgssenter på Kulen).

Lokalisering av planområdet

Planen omfattar området rundt noverande Kulatoppen Bu- og omsorgssenter på Ytre Kulen i Deknepollen, på austsida av Måløybrua.

Kart Kulatoppen.png - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

Lokalisering av planområdet er markert med blått omriss.

 

Føresegner (PDF, 142 kB)

Innspelsskjema (PDF, 115 kB)

Melding etter Storulykkeforskriften (PDF, 4 MB)

Oppstartsmøtereferat (PDF, 2 MB)

Overordna vurdering av lokalisering av 16 nye omsorgsboliger og 8 sykehjemsplasser (PDF, 519 kB)

Planomtale (PDF, 3 MB)

Risikovurdering Brannspredning Kulatoppen (PDF, 1017 kB)

ROS (PDF, 701 kB)

Samla innspel (PDF, 12 MB)

Skriftleg stadfesting om faresoner for skred (PDF, 106 kB)

Søknad om fråvik - Vedtak (PDF, 133 kB)

Trafikkanalyse (PDF, 364 kB)

Informasjon om klagerett (PDF, 101 kB)

Endring av reguleringsplan for Bu- og omsorgssenter på Kulen - Eigengodkjenning (PDF, 588 kB)

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 01.08.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering