Kunngjering av vedteken Reguleringsplan for utviding av industriområde på Kapellneset, gbnr. 119/6 m.fl.

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete Ny plan omfattar areal til utvidning av et større industriområde på Kapellneset der skredfareevaluering er innarbeidd i plankart og føresegner. 

Planen opnar for å ta ut steinmassar frå området slik at det kan vidareutviklast til eit større industriområde.

10_1061_Kartskisse - Klikk for stort bilete Vedtak i kommunestyretK-074/13 :

Kommunestyret vedtek, med heimel i Plan- og bygningslova (2008) § 12-12, å eigengodkjenne Reguleringsplan for utviding av industriområde på Kapellneset, gbnr. 119/6 m.fl., datert 26.09.2013, med tilhøyrande føresegner av same dato.

Dei vedtekne dokumenta plankart, føresegner, planhefte og saksprotokoll er tilgjengelig via lenker nedst i Artikkelen. Dokumenta er og tilgjengelege på Servicetorget i perioden fram til fristen for klage er ute. Ynskje om kopi av dokumenta kan rettast til Servicetorget tlf. 57845147

Vedtak kan påklagast etter Plan- og bygningslova § 12-12 jf. § 1-9 og forvaltningslova kap. VI. I samsvar med dette er grunneigarar og andre varsla gjennom brev og planvedtaket blir kunngjort i Fjordenes Tidende den 01. november.

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 22. november 2013. (3 veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i avisa).

Klage må vere sendt til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Vågsøy, eller til post@vagsoy.kommune.no, innan 22. november 2013.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må sendast kommunen innan tre år etter denne kunngjeringa (jf. Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3).

Jf. forvaltningslova § 42 er det høve til å be om utsett iverksetting av vedtak inntil klagefristen er ute, eller klaga er avgjort. Nærare orientering om utsett iverksetting og klagerett er tilgjengeleg saman med saksdokumenta under. Skjemaet er og vedlagt til grunneigarar og naboar.

Dokument:

Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 01.11.2013
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering