Kunngjering av vedteken reguleringsplan - PlanID 201604 Områderegulering for massetak og næringsområde på Almenningsfjellet - Melding om vedtak

Vågsøy kommune vedtok, med heimel i plan- og bygningslova (PBL) § 12-12, i møte 13.12.2018 sak 100/18 Områderegulering for massetak og næringsområde på Almenningsfjellet, datert 26.01.2018, PlanID 201604, med nokre mindre endringar. Planen er no oppdatert i tråd med vedtaket.

Massetak og næringsområde Almenningsfjellet - Lokalisering av planområdet - Klikk for stort bilete

Lokalisering av planområdet er markert med oransje ring.

Vedtak i kommunestyret:

Vågsøy kommune vedtek, i medhald § 12-12 i Plan og bygningslova (pbl), Områderegulering for massetak og næringsområde på Almenningsfjellet, datert 26.01.2018 og sist revidert 08.06.2018, med tilhøyrande føresegner og følgjande endringar i plandokumenta:

Plandokumenta ROS-analyse, KU-kapittelet og føresegnene skal supplerast med utgreiing (utført av fagkompetanse) og tiltak i høve til vassressurslova og vassforskrifta. Det skal dokumenterast at Skavøypollen, bekken som renn gjennom området og Storevatnet ikkje får redusert miljøtilstand som følgje av tiltaka i reguleringsplanen.

Omsynssone H730 og H570 vert teke ut av planen. Aktivitetsområde med id 231530 vert markert som føresegnområde med følgjande føresegn: Aktivitetsområde id 231530. Tiltak i høve til reguleringsplanen er tillate utan nærare arkeologiske undersøkingar.

Plandokumenta vert supplert med ei skjønsmessig vurdering av korleis støykjeldene påverkar kvarandre og eventuelle naudsynte støyreduserande tiltak.

Føresegnene § 8a vert endra slik at ordet primært vert teke ut:

  • 8 § 12-5 nr.5 Naturformål av LNF
    a. Areal avsett til naturformål av LNF skal primært nyttast til natur og friluftsliv. Det er ikkje tillat å lagre reiskap, maskiner eller anna knytt til drifta av masseuttak og framtidige næringsområder innanfor områda avsett til naturformål.


​Ny §4 Rekkjefølgjekrav i føresegnene:

  • overvasshandtering og alternative flomvegar skal prosjekterast og avklarast i søknad om driftsplan
  • tiltak som hindrar utslepp frå massetaka, til Storevatnet og bekken som går gjennom området, skal vere prosjektert og inngå i søknad om driftsplan
  • konsesjon med godkjend driftsplan
     


Supplere § 4b med følgjande tekst utheva i kursiv:

  • b. Før det kan etablerast industri-, handverks- eller lagerverksemd innanfor BKB1 og BKB2 skal det føreligge godkjent detaljreguleringsplan for formålet. Løysingar for m.a. internvegnett og tilkomst til skytebana over BKB2 skal gå fram av detaljreguleringsplanane.


De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-12. Vedteken reguleringsplan er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Vi takkar for bidrag i planprosessen. Les meir om endringar av plankart, føresegner og planbeskriving etter høyring og offentleg ettersyn i saksframlegga og saksprotokollen.


Saksdokument

Plankart, reguleringsføresegner og planomtale slik dei ble vedtekne, kopi av saksframlegg og saksprotokoll og andre sentrale saksdokument er tilgjengelege på internettsida vår: www.vagsoy.kommune frå tysdag den 22.10.2019. 

Dokumenta vil òg vere tilgjengelege på kommunens Servicetorg i Måløy, gate 1 nr 120, i perioden fram til klagefristen går ut. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte Servicetorget på tlf. 57 84 51 47. 


Eventuelle klagar

I samsvar med PBL § 12-12 er grunneigarar og andre varsla med dette brevet, og planvedtaket blir kunngjort i Fjordenes Tidende 22.10.2019.  

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 12.11.2019. 

Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute, eller klaga er avgjort, jf. forvaltningslova § 42.

Nærmare orientering om utsett iverksetjing og klagerett er tilgjengeleg saman med saksdokumenta på www.vagsoy.kommune.no

Etter at klagefristen er ute vil vi orientere forslagsstillar, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.  


Erstatning/ innløysing

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2, og krav om innløysing etter same lov § 15-3 må setjast fram seinast 3 år etter at reguleringsplanen er kunngjort. 


Formål med planen

Formålet med planen er å utarbeide ein samla reguleringsplan i samråd med kommunen og dei to aktørane Geir Sandal AS og Maskinentreprenør Jimmy Nore og Sønn AS, som begge driv med uttak av fjellmassar innanfor kvar sine område på Almenningsfjellet. Fram til våren 2016 har det vore arbeidd med to ulike reguleringsplanar for uttaksområda. Begge bedriftene ynskjer å halde fram drifta i området over lang tid, og vil gjere seg nytte av dei fjellressursane som er tilgjengelege innanfor planområdet. Regulert etterbruk for området er areal for industri/tenesteyting/næring.


Lokalisering av planområdet

Planen omfattar området langs riksveg 15 på Almenningsfjellet, vest for tunellen.

Massetak og næringsområde Almenningsfjellet - Lokalisering av planområdet 2 - Klikk for stort bilete
Filer
Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 21.10.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering