Kunngjering om reguleringsplanvedtak

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommunestyre har med heimel i Plan- og bygningsloven (2008) § 12-12, eigengodkjent følgjande detaljreguleringsplanar: 

KS-sak K-030/13 : Detaljreguleringsplan for Domsteinbuda, gbnr. 116/80 og /488:

UNU AS har fått utarbeidd og kommunen har vedteke Detaljreguleringsplan for Domsteinbuda, gbnr. 116/80 og /488, i Måløy sentrum. Planframlegget opnar for at det kan etablerast inntil 24 bu-einingar, med tilhøyrande parkeringsareal og fellesfunksjonar som boder og uteareal. Alternativt kan inntil 800 m² BRA innreiast til kontorføremål. Innanfor planområdet kan det etablerast flytebrygge for småbåtar. Planen sikrar samstundes areal til offentleg hamnepromenade langs sjøfronten og fortau langs Sjøgata.

 

KS-sak K-031/13: Detaljreguleringsplan for Barstadvika industriområde, gbnr. 119/369 mfl.:

Raudeberg industripark Syd AS  har fått utarbeidd og kommunen har vedteke ein reguleringsplan som legg rammer og føringar for utvikling av industriområdet i Barstadvika, ved Ulvefallene sør for Raudeberg. Planframlegget legg til rette for bruk av området til industri. Det er opna for utfylling i sjø med etablering av kaifront.

 

KS-sak K-093/12: Reguleringsplan for utviding av industriområde på Kapellneset, gbnr. 119/6 m.fl.

Halsør Maskin AS har fått utarbeidd og kommunen har vedteke ein reguleringsplan for utviding av eksisterande industriområde på Kapellneset (sør for krysset med Øvrevegen). Det skal skje over tid ved at området fungerer som masseuttak fram til det kan takast i bruk som industriområde. Det skal opparbeidast rasvoll i bakkant av området før uttak av masser startar opp.

 

Felles for overfornemnte planar:

Vedtak kan påklagast etter Plan- og bygningslova § 12-12 jf. § 1-9 og forvaltningslova kap. VI. Klage må vere sendt til Vågsøy kommune, Postboks 314, 6701 Vågsøy, eller til post@vagsoy.kommune.no, innan 13. juni 2013.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må sendast kommunen innan tre år etter denne kunngjeringa (jf. Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3).

Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 22.05.2013
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering