Kurs for pårørande og venner til demensramma

Demens-illustrasjon.jpg - Klikk for stort bilete

Hukommelsesteamet i Vågsøy og Vågsøy pårørandeforening er klar til årets runde med kursing av pårørande og venner av demensramma menneske. Målet med kurset er å gje dei som er på kurset reiskap til å takle ein vanskelig livssituasjon. Og at ein kan få mot til å ta kontakt med venner som er ramma av demenssjukdom, og vere støttespelarar til desse.  

Kursa går over 5 kveldar, eitt kvar veke. Kursa vert på Kulatoppen Omsorgssenter i kantina. Frå klokka 19.00 til klokka 21.30 kvar kveld. Tema er Kva er demens og om nettverksbygging? Vi får høyre pårørande sine erfaringar om samhandling og kommunikasjon. Ergoterapeut fortel om hjelpemidlar og samhandling. Ein leiar i kommuna fortel om kva tenester som er i Vågsøy kommune, og korleis ein får desse tenestene.

Vi kan ordne med skyss om det trengst. Ta kontakt med demenskoordinator Linda Blålid Lågeide for påmelding: Mobil 46800602. (Dette er ein jobbtelefon, om du ikkje får svar, så vert du ringt opp att)

Kursoppstart: Onsdag 8. februar kl 19.00

Tryk på les meir for heile programmet

08.02.2017

Det å være pårørande: Kommunikasjon og samhandling.

Forelesere: Johanne Lofnes og Elsa Iversen

 

15.02.2017

Kva er demenssjukdom?

Foreleser: Sjukepleiar Frode Kvalheim

 

01.03.2017

Aktivitet og mestring

Foreleser: Ergoterapeut Hilde Barmen

 

08.03.2017

Tenester i Vågsøy kommune, korleis gå fram?

Foreleser: Tenesteleiar Anita Solberg

 

15.03.2017

Pårørande ein samarbeidspartnar. Nettverk og samspel.

Foreleser: sjukepleiar Frode Kvalheim

 

Skulen vert gjennomført på Kulatoppen Omsorgsenter (i kantina).

Tek til klokka 19:00 dei fem kveldane, og varer til om lag klokka 21:30.

Vi kan hjelpe med transport dersom det er vanskelig. J

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 02.02.2017
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering