Kurs i registrering av kulturminne!

Invitasjon til kurs i bruk av Kulturminnesøk
Vågsøy Historielag, i samarbeid med kulturetaten i Vågsøy kommune, byr med dette inn til eit begynnarkurs i bruk av Kulturminnesøk. Berre i ytre Nordfjord er der mange hundre kulturminne som treng supplerande informasjon, og der er enno mange titals kulturminne som ikkje er registrerte i Kulturminnesøk.
Dette tek vi sikte på at kursdeltakarane skal lære seg.

Kursstad: Formannskapssalen på Rådhuset i Gate 1 i Måløy.

Tidspunkt: Torsdag 31.10, kl. 18.00 - 21.00.

Ta med deg PC eller nettbrett og mobiltelefon for å kunne logge inn på det kommunale gjestenettet.

Kva kunnskap må eg ha for å ha utbyte av kurset?
For å ha fullt utbyte av kurset bør du mestre grunnleggande filbehandling og navigere støtt på nettsider. Om du i tillegg meistrar enkel bildebehandling, vil det vere ein fordel, men ikkje noko krav. Sjølv om du skulle kjenne deg usikker på eigne digitale kunnskapar, kan du vere med "på kjøt og flesk". Du vil få innsikt i korleis Kulturminnesøk fungerer, og det vil vere eit godt grunnlag for å arbeide vidare med stoffet seinare.

Registrer deg som brukar på Kulturminnesøk
Vi tilrår at du opprettar ein brukarprofil på Kulturminnesøk (du lærer det på kurset). Først då er det mogeleg for deg å  bidra med ny informasjon om eksisterande kulturminne og dessutan registrere nye. Gå gjerne inn på Kulturminnesøk og orienter deg om det som ligg på nettsida

Kulturminnesøk er ei nettside som er oppretta og driven av Riksantikvaren. Her finn du informasjon om ca 190.000 kulturminne frå heile landet. Det dreier seg om freda bygningar, freda kulturmiljø, verdsarvstadar, kyrkjer og arkeologiske kulturminne. Her finn ein alt frå kokegroper og gravhaugar, til mjølkerampar, kioskar og bensinstasjonar!

Har du spørsmål, ring til 975 40 747 (Atle Råsberg) eller 990 34 949 (Bjørn Eide).

Publisert av Bente Jørgensen. Sist endra 23.10.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering