Kvardagsrehabilitering

Kva er viktig for deg? - Klikk for stort bilete Kvardagerehabilitering er rehabilitering og førebygging medan pasienten bur i eigen heim.

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod om intensiv kvardagstrening, tilrettelegging og støtte til meistring av daglege aktivitetar for heimebuande som har begynnande hjelpebehov, eller som har hatt eit fall i funksjon. Tenesta blir gitt av eit tverrfagleg team som er sett saman av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og heimetrenarar.

Vi spør om kva som er viktige aktivitetar i livet som er ynskjeleg å meistre. Teamet foretar ei systematisk kartlegging, og i samarbeid utarbeidast det mål for kva som er viktig å meistre i eigen kvardag.

Treninga foregår i heimen og/eller i nærmiljøet og opplegget blir lagt ut frå mål og behov til kvar enkelt.  For å nå måla jobbar ein tett saman i ei avtalt periode på inntil 4 veker. Evaluering, framgang og justering av mål vil skje undervegs.

 

Tilbodet passar for dei som har hatt eit fall i funksjon og har fått problem med kvardagslege aktivitetar, og som ønskjer å trene seg opp til å meistre desse igjen. Dette er aktivitetar som til dømes personleg stell, komme deg inn- og ut av senga, matlaging, gå i trapp, gå utandørs, handle matvarar m.m.


 

Målet med denne tenesta er:

  • At dei som mottek tenesta betrar funksjonsnivået slik at ein kan utsette, redusere eller avslutte kommunal teneste.
  • Utsetje behovet for meir ressurskrevjande kommunale tenester.
  • Betre heilhetleg pasienttilbod.
  • Betre livskvalitet, meistringsevne og å kunne bu heime og styre eigen kvardag lengst mogleg.

     

 

Desse kan være aktuelle:

  • Vaksne og eldre som har hatt eit fall i funksjon, har nedsett funksjonsevne eller nye søkarar til ulike pleie- og omsorgstenester.
  • Pasientar som vert  utskrivne frå sjukehus eller rehabiliteringsavdeling og som treng oppfølging i ein overgangsperiode for å komme i gong og meistre kvardagen heime.
  • Det må være ønskjeleg med dette tilbodet og ein må ønskje å betre sin funksjon for å meistre kvardagslivet best mogleg på eiga hand.


     

 

Kvardagerehabilitering er ikkje ei teneste for:

  • Pasientar med omfattande pleie- og omsorgsbehov.
  • Terminalt sjuke pasientar.
  • Dei med uttalt kognitiv svikt.
  • Pasientar som treng rehabilitering i institusjon.
     

 

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss: 

 

Namn

  Telefon     

E-post

Sentralbord

57 84 50 00

post@vagsoy.kommune.no

Birte Sandal Rikstad (prosjektleiar)

975 84 747

birte.sandal@vagsoy.kommune.no

Linda Bakke

 

linda.bakke@vagsoy.kommune.no

Berit Akse

 

berit.akse@vagsoy.kommune.no

Solveig Drabløs

 

Solveig.drabløs@vagsoy.kommune.no

Tone Husevåg (tenesteleiar)

 

tone.husevag@vagsoy.kommune.no

 

Lenke til søknadsskjema

Lenke til individuell plan og koorinerande eining

Lenkje til helse og omsorgstenester

Lenkje til ergoterapiteneste

Lenkje til fysioterapiteneste

 

 Her kan du laste ned brosjyre om Kvardagsrehabilitering. (PDF, 402 kB)

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering