Kystkulturdag i Vågsøy 6. juni

Kystkulturdagen - Klikk for stort bilete Ei gruppe lokale aktørar arrangerar kystkulturdag i Vågsøy 6. juni.

Fiskerimuseet i Måløy, Kystkulturlaget i Vågsøy, M/S Nybakk, Hagevik tønnefabrikk, Kystmuseet ved Vågsberget, Kråkenes fyr og Ulvesund fyr er blandt dei som bidreg med aktivitetar. Det vil bli aktivitetar for barn og voksne på dei ulike stadane mellom klokka 11.00 - 17.00.  Trykk på les meir for å sjå detaljert program. Programmet vert oppdatert!

Vågsberget: Ope hus kl 11.00 - 17.00. Utstillinga "Det store sildeeventyret" med bilder, tekst og gjenstandar fortel om sildefisket frå midt på 1800-talet til 1960, aktivitetar for born i alle aldre og enkel kafè er blandt det som skjer på Vågsberget. Gratis inngang. Sal av sild frå Kystkulturlaget.

Hagevik tønnefabrikk: Ope hus kl 11.00 - 17.00. Her kan du sjå korleis tønner vert laga, frå stav til ferdig tønne. Foredrag om bøkkeryrket og fabrikken si historie. Barneleikar og kajakkpadling.Sal av tønneprodukter som er laga på fabrikken.

Kystkulturlaget vert på Hagevik tønnefabrikk og vil ha utstilling av båtar og motorar. Om veiret tillet det vert det mulig å ro og segle i dei gamle trebåtane til Kystkulturlaget. Sal av sild frå Kystkulturlaget.

M/S Nybakk vert liggande ved Torget i Måløy, og det vert mulig å ta ein tur ombord. Sal av rømegraut og bacalao. På grunn av nødvendige reperasjonar vert MS Nybakk dessverre ikkje med på Kystkulturdagen i år.

Fiskerimuseet: Opent kl 11.00 - 17.00. I tillegg til utstilling avert det vist film om håfisket. Det vert mogleg å kjøpe kaffi og vafler. Sal av sild frå Kystkulturlaget.

Kråkenes fyr har ope fyr, tilgang til fyrlykt, historiske bilder på veggane, det vert mogleg å kjøpe kaffi og vafler.

Ulvesund fyr har ope fyr. Tilgang til bøker som fortel historia om mellom anna fyrbyggarane.

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 05.06.2015
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering