Leseombod - informasjonsmøte

Bli leseombud.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Bli leseombod!

Likar du å lese, og har du nokre timar i månaden å avsjå? Då kan det hende at det passar for deg å bli leseombod!

Eit leseombod er ein som les høgt for dei som ikkje kan lese sjølv, til dømes eldre med synsvanskar, menneske med demens eller utviklingshemming, eller folk som kan lite norsk.

Høyres dette interessant ut? Kom på informasjonsmøtet vårt på biblioteket torsdag 26. oktober kl. 18:00 for meir info! Her får du møte andre som allereie er leseombod, får meir informasjon om ordninga og inspirasjon til å starte. Det er heilt uforpliktande å møte opp!

Ta gjerne med deg andre du trur dette kan passe for, og snakk med oss dersom du har spørsmål. Velkomen! :)

Publisert av Tamara Sortland. Sist endra 23.10.2017 09:11
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering