Lukke til i landsfinalen i MatteMaraton!

Mattemaratongjengen - Klikk for stort bilete

 

I dag sette Ida Alexandra Runderheim Pedersen (7.trinn), Emma Årdal Pettersen (6.trinn), Angelica Årvik (6.trinn) og Kristian Morken (7.trinn) seg på bussen til Oslo for å representere Skavøypoll skule i landsfinalen i MatteMaraton.

Dei har med seg lærarane Hege Lausund og Johnny Hagen Åmelfot. MatteMaraton går av stabelen torsdag 23.august på Teknisk museum i Oslo.  

MatteMaraton er ein årleg konkurranse som tek mål av seg til å auke interessa og engasjementet rundt faget. 

MatteMaraton består av etappar, der elevene øvar opp matematiske begrep, tallforståing, regneferdigheter og løysningsstrategiar. Elevene løyser oppgåver tilpassa sitt nivå, og samarbeider i grupper, får hjelp av syskjen, foreldre og vener.

Alle elevane på skulen har delteke og gjort ein formidabel innsats. Lærarane melder tilbake at dei merkar ei større interesse for faget.  

Vi heiar på elevane og ynskjer dei lukke til! 

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 22.08.2018
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering