Marint verdiskapingsfond Sogn og Fjordane - utlysing av midlar 2014

Oppdrettsanlegg illustrasjonsfoto. - Klikk for stort bilete Marint verdiskapingsfond Sogn og Fjordane har midlar til delfinansiering av utviklingsprosjekt som skal legge til rette for ei meir berekraftig utvikling av akvakulturnæringa i fylket.

Grunnlag for utlysinga

Fondet vart oppretta i 2010 og er finansiert av midlar som vart overført frå staten i samband konsesjonstildelinga for nye løyve til akvakultur i 2009. Fondet var i utgangspunktet på kr. 11 mill. Etter tildeling i 2012 og 2013 er fondet sin kapital no om lag kr. 5 mill.

I §2 om føremålet til fondet heiter det:

«Fondet skal nyttast til aktivitetar retta mot følgjande tema:

  • Tiltak/prosjekt som kan bidra til ei berekraftig utvikling av akvakulturnæringa. Med berekraftig meiner ein i denne samanhengen utfordringar knyta til lokalitetsval og -struktur, tilpassing til klimaendringar, motverke sjukdom og smittespreiing, og opparbeide kunnskap om kva effekt oppdrettsfisk har på villfisk».
  • Tiltak som bidreg til å auke den lokale verdiskapinga innan havbruksnæringa. Med auka lokal verdiskaping meiner ein t.d. auka grad av bearbeiding, produktutvikling og/eller utvikling av teknologi som kan bidra til auka verdiskaping. Det vil her vere viktig at ein kan synleggjere koplinga mellom produktet og at det faktisk og reelt fører til auka verdiskaping lokalt (i høve til auka omsetning, tal arbeidsplassar og liknande).

Tema for utlysing følgjer opp føremålet til fondet

1. Løyse utfordringar og potensial for forbetring  knytt til lokalitetsval/-struktur.
2. opparbeide ny kunnskap som kan medverke til berekraftig utvikling av lokalisering og/eller drift av havbruksanlegg
3. Auka lokal verdiskaping, basert på akvakultur.

Det er positivt om hovudprosjekt går over fleire år, men det er ikkje eit absolutt vilkår.

Kven kan søke

Kommunar (gjerne samarbeidande), samarbeidande bedrifter, lag- og næringsorganisasjonar eller andre instansar i tett i samarbeid med næringsaktørar. Utviklingsprosjektet må ha forankring i relevante problemstillingar for oppdrettsbransjen.

Krav om geografisk forankring i fylket

Tiltak og prosjekt som får støtte skal ha ei klar forankring i Sogn og Fjordane, og bidra til ei berekraftig forvalting og/eller auka lokal verdiskaping

Tildelingsmynde

Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Finansiering

Tilskott frå Marint verdiskapingsfond skal som hovudregel maksimalt utgjere 50 % av det samla kapitalbehovet for prosjektet.

Søknadsmal


Det skal nyttast eigen søknadsmal som du finn her (PDF, 444 kB). I tillegg kan prosjektplan leggast ved.

Søknadsfrist: 1. oktober 2014

Send søknaden via e-post eller post til: postmottak@sfj.no

Sogn og Fjordane fylkeskommune
v/Lena Søderholm
Askedalen 2,
6863 Leikanger

Vedtekter for Marint Verdiskapingsfond Sogn og Fjordane finn du her (PDF, 77 kB).

Det vert lagt ut informasjon på nettsidene til fylkeskommunen www.sfj.no

 

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering