Mindre endring av Reguleringsplan for Måløy

Mindre endring av Reguleringsplan for Måløy 1 - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommune kunngjer i medhald av Plan- og bygningslova §12-12 og §12-14, Mindre reguleringsendring av Reguleringsplan for Måløy, gbnr. 115/18, 62 og 229, datert 06.11.2017. Planen er vedteken i møte 15.02.2018, sak F-025/18. Vedteken reguleringsplan er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Lokalisering og formål med planen:

Mindre endring av Reguleringsplan for Måløy 1 - Klikk for stort bilete

Mindre endring av Reguleringsplan for Måløy 2 - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Eksisterande bygg på gbnr. 115/62 vart i 2016 totalskadd etter ein brann. Føremålet med planen er å rive eksisterande bygningsmasse og bygge opp eit nytt bygg. Det nye bygget er regulert til parkeringskjellar i plan 0, med inn- og utkøyrsle frå Sjøgata. Det skal etablerast forretning og kontor i plan 1, bustadar i plan 2-4 og takterrasse i plan 5. Overgangen frå Gate 1 til Sjøgata nord for bygget skal utformast som eit amfi, der delar av området blir overbygd. Les meir om planen i planomtalen, føresegnene og plankartet som er vedlagt.

Vedtaket:

«Planutvalet er gjort kjend med den omsøkte endringa av områdeplanen vedr. "Skramsgården", og vurderer denne å være innafor reglane i Pl&Bl § 12-14.2.ledd (som mindre endring). Dette utifrå at endringa ikkje endrar noverande situasjon og at den har hensynteke forslaget som ligg i områdereguleringa på ein god måte. Utvalet er innstilt på at Skramsgården får arbeide vidare etter dei framlagte planane for å få eit nytt bygg oppatt så fort som mogeleg på denne tomten. Størrelse og omfang av utbygginga skal avklarast med omsyn til uavklarte eigedomsforhold i det planlagte utbyggingsområdet.»

De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med pbl §12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Vi takkar for eventuelle bidrag i planprosessen. Les meir om planvedtaket i saksframlegg og saksprotokollen.

Saksdokument:

Plankart, føresegner, planomtale, saksframlegg, saksprotokoll og andre sentrale saksdokument ligg som vedlegg. Dokumenta vil også vere tilgjengeleg på Servicetorget i Rådhuset, Gate 1 nr. 64 Måløy, i perioden fram til klagefristen går ut. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte Servicetorget på tlf. 57 84 51 47.

Eventuelle klagar:

I samsvar med pbl §12-12 er grunneigarar og andre varsla ved brev, og planvedtaket blir kunngjort i Fjordenes Tidende 23.03.2018. Fristen for å klage på vedtaket er etter Forvaltningslova sett til 20.04.2018. (Fristen er forlenga med ei veke grunna høgtid).

Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klaga er avgjord, jf. Forvaltningslova §42. Nærmare orientering om utsett iverksetjing og klagerett er lagt ved som vedlegg.

Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagstillar, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.

Erstatning/innløysing:

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.

Filer
Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 26.03.2018