Misak.no - Kom med di sak!

Her kan du føreslå saker du meiner vil gjere din kommune eller fylkeskommune betre.

På menyen til venstre finn du ein link til Misak.no. Her kan du enten foreslå ei sak sjølv eller du kan skrive under på ei sak som er foreslått i kommunen og som du vil støtte. For å samle underskrifter kan du også dele saka med venner og kjente på e-post, Twitter, Facebook eller Google+. Viss du samlar nok underskrifter, må kommunen eller fylkeskommunen du bur i vurdere saka di.

Du treng underskrifter frå to prosent av innbyggjarane, alternativt 300 personar i kommunen eller 500 personar i fylket.

Alle kan føreslå saker i sin eigen kommune eller fylkeskommune. Du må ikkje ha stemmerett eller ha fylt 18 år.

Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 20.02.2013