Modige forbilder på Vågsøy ungdomsskule!

Modige forbilder 2014 - Klikk for stort bilete Rikard B. Blålid, Anniken O. Heggelund og Svein Arne Volle er årets modige forbilder.

Vi gratulerer!

 

Med grunngjevingar som snill, bryr seg, snakkar med folk som er aleine, respekterar andre sine meiningar, omsorgsfull, positiv og glad har Rikard, Anniken og Svein Arne blitt kåra til modige forbilder i 9. klassene. Dette er nokon av mange gode grunnar til at akkurat dei er blitt stemt fram av klassekameratane i A, B og C-klassa.

I siste besøk i 9. klasse snakkar vi om kva det vil seie å vere eit forbilde. I ulike samanhengar har vi ulike forbilder som t.d i fotball, handball og musikk. Men tenker vi på kven som er eit forbilde i kvardagen? Foreldre og besteforeldre blir ofte nemnt som eksempel frå elevane. Tirsdag 29. april sette vi fokus på kven som gjer ein ekstra innsats for at alle skal ha det bra på skulen. Etter hemmelig avstemming med grunngjeving var det Rikard, Anniken og Svein Arne som vart klassa sine modige forbilder.

Vi ønsker alle ein god sommar med gode holdningar! 

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering