No kan du søke om SMIL-midlar og NMSK-midlar - Søknadsfrist 01.04.2018

SMIL-midlar og NMSK-midlar - Klikk for stort bilete

Fylkesmannen har tildelt kommunen ramme for tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket.

Du kan søkje om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket ved å fylle ut søknadsskjema hos Landbruksdirektoratet. Søknadsfrist er sett til 01.04.2018.

Det kan løypande sendast inn søknader om tilskot til NMSK-skogkulturmidlar

Føremålet med SMIL-ordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusere ureining. Normalt blir tilskot løyvd til tiltak som går utover det som kan forventast av vanleg jordbruksdrift på ein landbrukseigedom.

Prosjekta og tiltaka vert prioritert ut i frå lokale målsetjingar og strategiar. Det vert ikkje gitt tilskot til tiltak som allereie er byrja på eller er ferdige. Strategiplan for miljøtiltak i landbruket 2017-2020 ligg til grunn for prioriteringa av innkomne søknader. Søkjar må vere registrert i Einingsregisteret og drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar, eller leiger ut jorda til andre som driv vanleg jordbruksproduksjon.

Tildelt tilskot vert utbetalt etter at tilskotsmottakar har dokumentert at tiltaket er gjennomført. Kommunen kan foreta synfaring/stedlig kontroll hos foretaket.

Søknaden sendast til:

Vågsøy kommune,
e-post: post@vagsoy.kommune.no
Postboks 294
6701 Måløy

Ved spørsmål kontakt tenesteleiar plan og utvikling, Janne Midtbø på tlf. 57 84 50 00.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 12.02.2018
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering