Ny kommune saman med Flora? – Innbyggarhøyring
Kommunane i landet er pålagt eit stort ansvar høve arbeidet med kommunereforma. Det er lagt opp til at alle kommunar skal gjennomføre utgreiingar, drøfte og vurdere samanslåing innan våren 2017.
Innbyggjarane i Flora og Vågsøy er allereie godt kjend med dette etter arbeidet både før og etter folkerøystinga våren 2016.
I februar har Flora og Vågsøy kommune etter tre gode forhandlingsmøter laga eit utkast til intensjonsavtale om samanslåing av kommunane. Intensjonsavtala skal no opp til politisk handsaming i dei respektive kommunestyra for endeleg avgjerd. Det er ope for at Bremanger kommune kan kome til seinare i prosessen.
Kva er DI meining? – Du kan vere ein vi ringer
Vi (Sentio Research) kjem til å ringe 600 innbyggarar over 16 år i kommunen – du kan vere ein som blir oppringt frå 09.03.2017 - 14.03.2017. Du treng berre svare på enkle spørsmål. Vi håpar de vil ta telefonen dersom vi ringer deg.
For å hjelpe deg til å bli best mogleg informert og kunne gi best mogleg svar, kan du lese heile intensjonsavtala her:
Fremforhandal intensjonsavtale Vågsøy og Flora kommune
Kristin Maurstad
ordførar
Publisert av
Therese Sæbøe Strand.
Sist endra 08.03.2017
|