Ny løysing for digital dialog med legekontoret

Vågsøy kommunevåpen PNG - Klikk for stort bilete

Frå og med 01.05.2019 sluttar legekontoret å bruke e-portalen Helserespons.no. Vi går i staden over til å kun bruke helsenorge.no.

Her må du logge deg inn via

  • BankID
  • BankID på mobil
  • BuypassID på mobil
     

 

Du kan som før fornye reseptar, bestille legetime, sende e-kontakt, byte fastlege m.m. på denne sida. For å aktivere e-kontakten mellom deg og legekontoret MÅ du sende ei melding via «Kontakt legekontoret». Den første meldinga kan vere kva som helst, til dømes eit tegn, ein bokstav o.l. Dette er for å opprette kontakt slik at legekontoret kan sende deg sms o.l. tilbake. Dette er ein eingongskontakt.

Det vil kome ei lenke til helsenorge.no på heimesida også.

Altså: Når Helserespons går ut vil du ikkje kunne motta sms frå legekontoret dersom du ikkje er knytt opp mot helsenorge.no

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 12.04.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering