Det er planlagt fleire forbetringar hausten 2016. Mellom anna tek vi sikte på at bytte av fastlege skal tre i kraft fylgjande verkedag, i staden for den 1. i neste månad, som i dag. Det kjem meir informasjon om dette seinare.
Ikkje høve å bytte fastlege ved overgang til ny løysing
I samband med overgangen til ny løysing, vil dei fleste tenestene ikkje vere tilgjengelege frå og med onsdag 01.06.2016. Nedetida gjer at:
Innbyggarar ikkje kan bytte fastlege, korkje på helsenoreg.no eller ved å ringe 23 32 70 40.
Det vil heller ikkje vere mogleg å søke i oversikt over fastlegar på dei opne sidene.
Sakshandsamarar hos Helfo kan ikkje legge inn nye fastlegeavtalar eller endre eksisterande avtalar.
Tenestene skal etter planen vere tilgjengelige att frå og med måndag 06.06.2016. I den fyrste perioden kan
systemet vere treigt eller ustabilt.