Nye byggjesaksreglar trådde i kraft 01.07.2015

Nye byggeregler 1.7.2015 - Klikk for stort bilete

Den 1. juli trådde nye byggjesaksreglar i kraft. Terskelen for søknadsplikt hevast og fleire tiltak kan setjast i gong utan søknad til kommunen. Vegvisar for dei nye byggjereglane kan lesast på Direktoratet for byggkvalitet.

Heimesida vår for byggjesak er under oppdatering. Grunna ferie er det lita bemanning på byggjesak i juli månad. Har du spørsmål kan du ta kontakt med servicetorget på rådhuset på tlf. 57 84 50 00 eller post@vagsoy.kommune.no

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 03.07.2015