Nye fiskereglar

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete

Med bakgrunn i den dårlege tilstanden for sjøaure i Sogn og Fjordane har Fylkesmannen vedteke nye reglar for fiske i og utanfor vassdrag med laks og/eller sjøaure i Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen sende den 20.12.2017 forslag til ny forskrift om fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk i Sogn og Fjordane på høyring. Høyringsfristen var 20.02.2018, og det kom seks høyringsinnspel. 

Etter ei heilskapleg vurdering har fylkesmannen kome til at dei positive effektane av regelendringane, spesielt for sjøaure, er større enn ulempene for allmenne og private interesser.

Hovudendringar i den nye forskrifta:

•I utvida munningssone er fiske etter anadrome laksefisk frå land berre tillate i den tide det er ope for sjøaurefiske i det strengast regulerte vassdraget innanfor. Dette er i samsvar med nasjonale reglar.

•I utvida munningssone er det ikkje tillate å fiske anadrome laksefisk frå båt.

•I utvida munningssone er det berre tillate å dorge etter marine fiskeartar i perioden 1. oktober til 1. mars.

•I utvida munningssone er minste avstand til grensa mellom elv og sjø for yrkesfiske med not auka frå 100 til 500 meter.

•Påbodet om nedsenking av garn i perioden 1. mars til 30. september er utvida til å gjelde alle maskevidder.

•Det er innført ei fredingssone utanfor Kraftverk 5 i Høyangsfjorden og utanfor Svelgen I og II i Svelgen.

•Munningssona utanfor Loelva er utvida slik at heile Engagrunnen vert innanfor grensa.

Du kan lese meir om fiskereglane i Forskrift om fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk, Sogn og Fjordane. Forskrifta trådde i kraft 04.04.2018.

Publisert av Mari Halsør Larsen. Sist endra 17.04.2018
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering