Nytt om kommunereforma

Kommunereforma - Klikk for stort bilete

Fylkesmann Anne Karin Hamre gav nyttig informasjon til deltakarane på felles formannskapsmøte Flora - Bremanger - Vågsøy 04.02.2016.

Bodskapen var at  sentraliseringsreformene kjem på løpande band, og ein skal ikkje satse på utsetjing.

Her nemde ho utanom kommunereforma:

Regionreforma som er varsla å kome i april, høgskulereforma, politi, brann og redningsteneste, sivilforsvaret, fylkesmenn  med fleire.

Ho kom og inn på forslag til nytt inntektsystem der ein enda ikkje veit konsekvensane, men ein kan sjå retninga. Mellom dei tre kommunane er det Bremanger som kjem best ut, mens Vågsøy og Flora er taparane.

Det kan verte vanskeleg å halde oppe tenesteproduksjonen i små kommunar. Her tok ho barnevernet som døme, også når det gjeld tette forhald og habilitetsutfordringar.

I tillegg har ein enda ikkje fått endeleg svar på kva ekstra tenester som vert tillagt kommunane. Det ein veit til no er at det vert endringar på plan og tannhelse.

Ho sa at mantraet er : Større kommuner gjer større budsjett, og dermed større handlefridom. Det gjer og den naudsynte politiske slagkrafta i forhald til samferdsel og andre viktige saker.

 
 
 
 
 

 

 
 
 

 

 

 

Publisert av Eli Stølan. Sist endra 08.02.2016
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering